Solberg hevda at det «framleis er vanskeleg å få aksept i det politiske miljøet for at storbyane har oppgåver og problem som småkommunane ikkje har». Og ho hevda at dimensjonering av oppgåver i storbyane i praksis blir bestemt av småkommunane. Ho klaga over at Stortinget ikkje har makta å ferdigbehandle stortingsmedlinga om utvikling av storbypolitikk som regjeringa la fram i mai. Difor er det ifylgje Solberg noko uklart kva Stortinget ynskjer. I mangel av ei avklaring der, må storbyane halde seg til kva Regjeringa meiner. Planen er nå at stortingskomiteen skal avgje innstilling i februar. Solberg trekte fram rus— og psykiatriproblema, boligproblema og ein stor andel innvandrarar som det på mange måtar knytter seg ekstra problem til, som særeigne storbyproblem.