• Odfjell-saka kunne vore betre handtert. Det er mitt ansvar at det ikkje skjedde, og det var mitt ansvar å ta avgjerda om å rydde opp, seier statsminister Jens Stoltenberg.

I går oppsummerte statsministeren stortingssesjonen etter åtte månader i regjering. Han brukte mykje tid på å avvise kritikk for løftebrot. På eit punkt tok han likevel sjølvkritikk: Framlegget om val av Johan Fredrik Odfjell som ny styreleiar i Statoil.

— Lærdomen frå den saka for meg og for regjeringa er: Det er dumt å gjere feil, og at det er viktig å rydde opp når det skjer. Alle saker må forankrast betre enn tilfellet var i den saka, seier Stoltenberg.

Struttar av fryd

Statsminister Jens Stoltenberg struttar av fryd over å vere i fleirtalsregjering. Han seier han trivst storligen i selskap med Kristin Halvorsen og Åslaug Haga og seier han lærer mykje av begge.

— Det er flott å sitje i ei fleirtalsregjering. Vi slepp Svarte-Per-diskusjonen. Bondevik-regjeringa la skulda på Stortinget når den ikkje fekk viljen sin. Det skal ikkje vi gjere, sa Stoltenberg.

«Litt friske debattar»

Han gjorde utanriksminister Jonas Gahr Støre sine ord til sine om at «vi har litt friske debattar», mynta på diskusjonane utanfor regjeringskontora.

Han sa samstundes at regjeringa har vist evne til å gjennomføre avgjerdene sine når diskusjonane er avslutta og standpunkta tekne.

Stoltenberg avviser kritikken både frå opposisjonen om løftebrot og frå eigne rekkjer om handlingssvikt.

— Vi er på god veg til å gjennomføre det vi sa vi skulle gjere. Vi står for ein ny kurs. Vi har nå gjennomførd åtte månader, men vi har framleis 40 månader på oss til å gjennomføre valløftene våre, var bodskapen.

Ingen garantiar

Samstundes fann Stoltenberg grunn til å streke under at innhaldet i Soria Moria-erklæringa er målsetjingar.

— Vi har ikkje utstedt garantiar på at vi når alt. Utviklinga i norsk økonomi kan innehalde forhold som vi ikkje har kontroll over, la han til.

Han erklærte at det har vore ein urovekkjande vekst i sjukefråveret som inneber at ein får mindre pengar til andre oppgåver.

Han fann også grunn til å seie at han finn det lite fruktbart å utforme ein garanti for når målet om full barnehagedekning blir nådd.

— Altfor mange statsministrar har kome med slike garantiar, utan å nå målet. Nå er det viktigaste å seie at målet skal nåast så fort som råd og konsentrere oss om å bygge flest mogeleg nye barnehageplassar, var beskjeden.

Næringspolitikken

Stoltenberg avviser nå kritikken om at regjeringa er for passiv i næringspolitikken. Han tok eit oppgjer med dei som har insistert på at regjeringa burde ha grepe inn overfor Norske Skog i saka om nedlegging av Union i Skien. Og han sa det same når det gjeld kravet om inngrep overfor Hydro mot nedlegging i Årdal.

— For det første kan vi ikkje instruere Hydro. For det andre ville eit inngrep der vore det same som å seie at Stoltenberg I-regjeringa gjorde feil då vi avslo søknaden frå Hydro om forlenga drift av Søderberg-omnane. Omstilling må til. Når det inneber at arbeidsplassar går tapt, må vi gjere det vi kan for å skape nye arbeidsplassar.

Venta fokus på usemje

Stoltenberg seier han var budd på at det ville bli sterkt fokus på den usemja som måtte oppstå eller finnast mellom regjeringspartnarane. Han meiner det er heilt naturleg at dette fokuset blir sterkare med ei fleirtalsregjering enn når vi har hatt mindretalsregjeringar. Det har samanheng med at sakene nå blir avgjort i regjering, i staden for når sakene kjem til Stortinget.

Trass i kontroversane som har kome til overflata mellom regjeringspartnarane seier han at samarbeidet har gått greiare enn han hadde venta før regjeringa vart skipa.

Elles varsla Stoltenberg i går at regjeringa snart er ferdig med eit framlegg til ei heilt ny folketrygd, som avvik frå alle tidlegare framlegg. Opplegget blir presentert i september.

OPPSUMMERTE: Ein strålande opplagt statsminister Jens Stoltenberg tok oppsummering etter åtte månader i fleirtalsregjering i ferieparadiset sitt på Hvaler i Østfold. Han skein om kapp med sola. Men det er ennå fleire veker til han sjølv skal ha ferie. FOTO: STIAN LYSBERG SOLUM, SCANPIX