Omsynet til rikets tryggleik gjer at ingen av desse aktørane kan få innsyn i det materialet som statsråden meiner knyter mullaen til internasjonal terrorisme.

Statsråd Solberg sto fire timar i vitneboksen i Oslo tingrett i går og gav partsforklaring for staten i utvisningsaka mot mulla Krekar.

— Må fråvike rettsreglane

Solberg avslutta med ein appell om at retten og andre må stole på henne utan å få innsyn i dei hemmelegstempla opplysningane. I visse saker som gjeld rikets tryggleik, må ein fråvike reglane i norsk rett om å fylgje det kontradiktoriske prinsippet: at den som blir anklaga får høve til innsyn og rett til å imøtegå skuldingane som blir retta mot han, hevda ho.

Solberg meiner å kunne slå fast at mulla Krekar er ein «fanatisk islamistisk aktivist som har ambisjonar om å vere både religiøs og politisk leiar». Dessutan er han ein «karismatikar» som har evner til å trekke med seg andre og på den måten kan lykkast i å rektruttere unge islamistar til terrornettverk som kan utføre åtak både i Noreg, i Europa og andre stader i verda, ifylgje Solberg.

Ho meiner Noreg er blitt eit terrormål, dels på grunn av det norske engasjementet i den internasjonale kampen mot terrorisme gjennom spesialstyrkar i Afghanistan, dels på grunn av at Noreg er engasjert i gjenoppbygging i Irak, med opplæring av irakisk politi og opplæring av irakiske offiserar i Noreg. Dessutan er Noreg ein viktig energileverandør.

Tortur

I retten hevda Solberg at norske styresmakter meiner å ha gode haldepunkt for å hevde at mulla Krekar framleis har ei nøkkelrolle i organisasjonen Ansar al-Islam i Nord-Irak. Men at han for tida utviser låg aktivitet rett og slett avdi han har ei utvisingssak hengande over hovudet. Dessutan hevda ho at Ansar al-Islam er knytt til al Qaida og Osama bin Laden.

Solberg ville i retten ikkje svare på om ho finn det forsvarleg for norske styresmakter å bygge utvisingsvedtak på opplysningar som har framkome i avhøyr under tortur eller trugsmål om tortur.

Slike forhold var viktige då Økokrim i fjor kom til at straffesaka mot mulla Krekar måtte leggast vekk. Bakgrunnen var at mykje av det inkriminerande materialet mot Krekar hadde framkome under avhøyr av personar som sat fengsla hjå fiendar av mulla Krekar.

- Ei rad løgner

Til Bergens Tidende seier Solberg at Krekar har servert ei rad løgner i saka som viser at han ikkje er til å lite på.

Grunnlaget for det endelege utvisingsvedtaket av 12. mai i år, fell i to delar: ein open del, ein hemmeleg del.

Solberg meiner å kunne slå fast at Krekar har hatt ei omfattande verksemd som går ut på chatting via internett der spørsmål om sjølmordsbomberar og terroråtak har stått sentralt.

I retten i går ba advokat Brynjar Meling, på vegner av mulla Krekar, Solberg gjere greie for kva kontrolltiltak ho har gjort for å sjekke om opplysningane mot Krekar er pålitelege.

Usikkert blir sikkert

På punkt etter punkt forklarte Solberg at ho ikkje hadde gått i detalj når det gjeld kontrollen. Ho vedgjekk også at mange av forklaringane og opplysningane kunne vere usikre og kunne vere vanskeleg å kontrollere mellom anna på grunn av forholda i Nord-Irak.

Solberg hevda at sjølv om ein kan stille spørsmål ved kor pålitelege enkeltopplysningar i saka mot Krekar er, er summen av opplysningane likevel så stor og omfattande at ein kan lite på at konklusjonen bygger på eit godt og sikkert grunnlag.

— For meg som ansvarleg statsråd er det avgjerande at eg føler meg trygg på innhaldet i dette materialet, og at konklusjonen er rett, seier Solberg til Bergens Tidende.

Møtte med teieplikt

Dei hemmeleghaldne opplysningane er i det alt vesentlege basert på informasjonar frå utanlandske samarbeidande tenester. Dette framgår av ein kongeleg resolusjon som passerte statsråd sist fredag der Erna Solberg ikkje vart friteken frå teieplikta før ho skulle møte som vitne i retten.

Det vil skade Noregs omdøme hjå andre land sine etterretnings- og tryggingstenester om Krekar skulle få tilgang til slike hemmelege opplysningar. Det ville verke øydeleggande på Noregs tilgang til etterretningsinformasjon og svekke tryggleiken for landet. Ein del opplysningar er dessutan svært sensitiv kjeldeinformasjon. Det ville verke øydeleggande på det framtidige kjeldearbeidet og ved det sette rikets tryggleik i fare, om det skulle bli kjent at kjelda var avdekka, framgår det av resolusjonen.

<b>STATSRÅD I VITNEBOKSEN:</b> Statsråd Erna Solberg hevda i Oslo tingrett i går at ho er overtydd om at mulla Krekar er ein farleg terrorist, ein «fanatisk islamistisk aktivist med ambisjonar som religiøs og politisk leiar».
Scanpix