Dette kom til uttrykk då Stortinget i går behandla Riksrevisjonen sin kontroll med statsrådane si forvaltning av staten sine interesser i selskap og bankar.

Misnøgd med utviklinga

Stortingspresident Jørgen H. Kosmo (Ap) slo fast at stortingsfleirtalet er misnøgd med utviklinga. Han streka sterkt under at ein må unngå at staten som har stor betalingsevne, blir lønsleiande. Han la til at dette også er eit etisk spørsmål.

Arbeidarpartiet veik likevel tilbake frå å pålegge regjeringa å søke å reforhandle løns— og pensjonsavtalar som i dag gjeld. Her skilte Ap lag med resten av opposisjonen. På den måten unngjekk regjeringa å få eit direkte og audmjukande pålegg frå Stortinget.

SV, Frp og Sp røysta derimot for å pålegge regjeringa å søke reforhandling av gjeldande avtalar.

— Staten har eit ansvar for ikkje å gje statlege leiarar urimeleg gode løns- og pensjonsvilkår, fastslo saksordførar og komiteleiar, Ågot Valle (SV) Hordaland.

Ventar tilbakemelding

Kosmo tilkjennegav at Ap og stortingsfleirtalet ventar at regjeringa kjem tilbake til Stortinget med ei orientering om korleis ein vil fylgje opp det klare fleirtalssynet som nå har kome til uttrykk.

Ap måtte, trass i forsikringane frå Kosmo, tole kritikk frå Frp-formann Carl I. Hagen. Hagen meinte det var forunderleg at Ap, som i realiteten er samd med SV og Frp i sak, likevel røysta mot framlegga frå dei to partia.

- Pinleg for statsministeren

Hagen tok også eit oppgjer med dei synspunkta næringsminister Børge Brende (H) har gjeve uttrykk for i brev til Kontrollkomiteen på Stortinget.

Brende har hevda at dei statlege retningslinene som er utforma for å regulere tilsettingsvilkår for leiarar, berre gjeld heileigde statlege selskap.

Hagen kunne ikkje finne eit einaste argument for at staten ikkje skulle søke å etterleve dei same retningslinene i alle selskap som anten er heil- eller deleigd av staten.

— Det blir direkte pinleg om statsministeren framfor eit lønsoppgjer manar til moderasjon, og så skulle staten sine representantar i andre samanhengar medverke til at sjefane får feite løns- og pensjonstillegg, hevda Hagen.

Hagen fekk i debatten påtale av visepresidenten i Stortinget, Inge Lønning (H), fordi han karakteriserte delar av staten sin personalpolitikk som «ein personalpolitikk som ikkje liknar grisen».