— Eit slikt utspel ville aldri kome om ulukka hadde skjedd i området rundt hovudstaden. Dette kan vi ikkje finne oss i, seier Halleraker.

Stortingsrepresentanten frå Hordaland ber no helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen svare skriftleg på om han meiner utgifter til helsegranskingar etter omfattande ureining er noko som naturleg høyrer inn under helseføretaka. Eller om slike hendingar bør sjåast på som ekstraordinære, og dermed medføre statlege ekstraløyvingar.

Halvert gransking

Yrkesmedisinsk avdeling i Helse Bergen har laga eit overslag som viser at det vil koste 22,4 millionar kroner å gjennomføre helseundersøkinga. For å få fullgode svar, bør granskinga gå like til 2013.

I måndagsutgåva kunne Bergens Tidende fortelje at Helsedirektoratet meiner Helse Vest skal finansiere undersøkinga innanfor eige budsjett. I eit brev direktoratet har send departementet, kjem det også tydeleg fram at dei meiner opplegget fagfolka på Haukeland Universitetssjukehus har utarbeidd er vel omfattande. Helsedirektoratet meiner det bør halde at Helse Vest set av 12 millionar. Skal det koste meir, må Helse Bergen leggje ut.

Følgjer helseministeren rådet, kan helseundersøkinga bli bortimot halvert.

  • Eg er overraska over at kostnadene no blir prøvd skubba over på sjukehusvesenet på Vestlandet. Dette er eit typisk døme på at gjerning ikkje følgjer ord, seier Halleraker.

Taper to gonger

Utspelet frå Helsedirektoratet har skapt uro om at innbyggjarane i Gulen og Masfjorden, som fekk helseplager av nedfall og lukt etter eksplosjonen, vil få ei helseundersøking dei kan lite på.

— Staten har ved fleire høve vedgått at dei ikkje har handtert saka godt nok. Miljøvernminister Erik Solheim har sjølv sagt at hadde ulukka skjedd i Oslofjorden, ville statlege styremakter reagert på ein heilt annan måte. Så får vi altså dette utspelet, der rådet er at institusjonar på Vestlandet sjølv skal betale. Det samsvarar ikkje veldig godt med dei innrømmingar staten har kome med, seier Øyvind Halleraker.

  • Kvifor skal ikkje helsevesenet på Vestlandet betale?
  • Då vil innbyggjarane i området tape for andre gong. Dei var utsette for eksplosjonen og følgjene av den. No kan undersøkinga få konsekvensar for sjukehusbudsjetta, og dermed vanlege pasientar i regionen.

Aldri godteke

Høgre-politikaren meiner noko slikt aldri hadde blitt godteke, om det hadde skjedd på Austlandet. Han dreg fram raset ved Hanekleivtunnelen i Vestfold som eit godt døme.

  • Når det går ras på Vestlandet, som skjer både titt og ofte, må utgiftene dekkast innanfor eigne budsjett. Men for å ordne opp etter raset ved Hanekleivtunnelen på E18, gjekk staten inn med løyvingar utanfor den ordinære ramma. Slik kan vi ikkje ha det lenger.

Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen har no ei knapp veke på å kome med eit skriftleg svar.

  • Dersom eg ikkje får eit svar som er tilfredsstillande, vil eg ta denne saka vidare, lovar Halleraker.
«URIMELEG»: Helsedirektoratet meiner Helse Vest skal finansiere helseundersøkinga etter Sløvåg-ulukka. - Heilt urimeleg, meiner stortingsrepresentant Øyvind Halleraker. ARKIVFOTO: HELGE SKODVIN
Bergens Tidende