• Vi er ikkje på gli. Vi står på krava i pensjonssaka: tenestepensjon til alle, bruttogaranti og avtalefesta pensjon.

VIDAR YSTAD

Det slår leiaren i den største faglege samanslutninga i landet, Jan Davidsen i Fagforbundet, fast overfor Bergens Tidende.

I går vart Davidsen utlagd slik at han og Fagforbundet «var på gli» og viljug til å godta kutt i pensjonsordningane for offentleg tilsette.

Sterke reaksjonar

— Det var ikkje fritt for at vi fekk reaksjonar med spørsmål om kva vi held på med, etter at den misvisande meldinga var kringkasta, seier bergensaren Davidsen til BT.

Både Fagforbundet og LO har gått sterkt imot fleire av framlegga frå pensjonskommisjonen, leia av tidlegare stortingsrepresentant og finansminister Sigbjørn Johnsen (A). At nestleiar Hill-Marta Solberg i Ap og fylkesleiaren i Akershus Ap, Sverre Myrli, var med på framlegget frå kommisjonen, verka ikkje til å mildne motstanden.

Vil diskutere

Davidsen seier nå at Fagforbundet er viljug til å vere med og diskutere tiltak for å dempe utgiftsveksten i pensjonsordninga. Han meiner dei viktigaste elementa her er auka utgifter som fylgje av auka levealder og reguleringa av grunnbeløpet i Folketrygda.

Førstesekretær Per Gunnar Olsen i LO seier til Bergens Tidende at LO er heilt på line med Fagforbundet.

Han seier vidare at LO ikkje har ultimative krav og at ein ynskjer dialog med dei politiske styresmaktene.

Ikkje avklart med Ap

  • I første omgang har det vore mest naturleg for oss å han samtalar med Ap. Det er ikkje hemmeleg at det har vore diskusjonar mellom LO-leiar Gerd-Liv Valla og Ap-leiar Jens Stoltenberg. Desse samtalane er ikkje i avslutta og eit resultat i hamn.

Olsen seier at han ikkje kan fortelje noko om dei førebels resultata av drøftingane.

Det er kjent at det er ulike oppfatningar i Ap om viktige sider ved pensjonsopplegget. I går drøfta partiet saka på gruppemøtet i Stortinget.