TERJE ULVEDAL

— Sponheim lyg når han seier at veterinærar no får like godt betalt som legar på vakt. Og når han framstiller det som at pengane rullar inn på kontoane til dyrlegar på vakt, så veit han at det ikkje er tilfellet, seier Njøsen.

Gaular-veterinæren som leiar forhandlingane med staten, meiner pengar likevel er underordna. Kronene det står om trur Njøsen det kunne blitt semje om.

— Vaktordninga er Sponheims ansvar, det står i lova. Men han nektar å ha noko med oss å gjere. Det landbruksministeren satsar på, er å vinne si sak gjennom media. Og å få oss over frå staten til kommunane.

Betaling etter arbeid

I følgje Njøsen er det kompliserte reknestykke som ligg til grunn for veterinærbetalinga når dei har vakt. Det er også svært vanskeleg å samanlikne legar og dyrlegar slik Sponheim har gjort. Dei fleste legar er nemleg tilsette, medan dei fleste dyrlegar er sjølvstendig næringsdrivande.

Prinsippet for legar på vakt er at dei skal ha betalt etter kor mykje dei jobbar. Denne ordninga støttar også veterinærane. Legar på vakt er inndelt i fire ulike klassar. 75 prosent av dei står i klasse 1, og får betaling for at dei arbeider frå 0 til 10 minutt per time.

— Dette gjev ei utbetaling på 66,40 kroner timen. Men sidan dei er tilsette får dei lønn ved sjukdom, fødselspermisjonar og feriepengar. Skulle private dyrlegar hatt ei betaling som tilsvarar legane, viser våre utrekningar at vi skulle hatt 76,35 kroner. Tilbodet var 67,90, seier Njøsen.

Njøsen reagerer også kraftig på at det frå motpartens side er framstilt slik at veterinærane har svært godt betalt for oppdrag på kvelds- og nattetid. Ofte inneber utrykking lang køyring. I tillegg til køyregodtgjersle etter statens satsar får veterinærane 3,05 kroner kilometeren.

— Ein veterinær som køyrer 60 kilometer på ein time, har altså ei timeløn på 183 kroner. Er det godt betalt?, spør forhandlingsleiaren.

Bønder i skvis

Helge Njøsen meiner det er bøndene som er sett i skvis med framlegga til nyordningar departementet kom med i dei siste forhandlingane.

— Eg har snakka med så mange gardbrukarar dei siste dagane som rett og slett er rasande. Når vaktdistrikta skal utvidast, er det bøndene som må ta kostnaden. Dei må nemleg i prinsippet betale hovuddelen av skyssutgiftene. Rett nok er det ei refusjonsordning gjennom landbruksoppgjeret, men denne dekkjer i regelen berre ein mindre del.

I tillegg meiner veterinærane at dei nye vaktdistrikta blir altfor store. Etter det Bergens Tidende kjenner til har fleire veterinærar reagert kraftig på måten departementet har fokusert på alle dyra som døydde då veterinærane stod utan vaktordning. Dei viser til at dette også har skjedd fordi dei eksisterande vaktdistrikta er så store at dyrlegane ikkje når fram i tide.