I dryge femti år har nordmenn flest fått eit lite sprøytestikk mot tuberkulose, den såkalla BCG-vaksinen. Framleis blir nær alle 14-åringar vaksinert mot smittsam lungetuberkulose. Biverknadene er vanlegvis få og uskuldige.

No er det likevel på tide å avslutte den generelle vaksinasjonen av norske ungdomar, meiner overlege ved Lungeavdelingen på Haukeland universitetssykehus, Hans Fredrik Jentoft.

— Det blir ingen nasjonal katastrofe om vi sluttar å vak-sinere 14-åringar mot tuberkulose, seier han til BT.

— Angsten for å få tuberkulose i Norge er overdriven. Risikoen for å bli smitta er svært liten, nesten null. Knapt nokon døyr av tuberkulose i Norge i dag.

- Lite meiningsfylt

Førre veke disputerte Jentoft for den medisinske doktorgraden over temaet tuberkulose blant unge, vaksne bergensarar. I prøveførelesinga argumenterte han for å avskaffe generell BCG-vaksinering.

Både Danmark og Sverige har slutta for lengst. Norge brukar derimot framleis kring 2,5 millionar kroner årleg på vaksinasjonsprogrammet ý langt på -veg bortkasta pengar, meiner Jentoft.

— Vi er på botn i verda, berre Malta har mindre tuberkulose enn Norge. Derfor er det lite meiningsfylt å bruke pengar og ressursar på å kontrollere sjukdomen.

Risikogruppene for tuberkulosesmitte bør derimot framleis vaksinerast, understrekar Jentoft, og siktar til innvandrar-grupper og til nordmenn som har tilbrakt lengre tid i Afrika og delar av Asia, Russland og Baltikum. Dessutan bør helsearbeidarar og andre som skal opphalde seg i land med høg smittefare, vaksinere seg minst åtte veker før dei reiser.

— Nye tilfelle finst i hovudsak blant innvandrarar og eldre nordmenn, og let seg ikkje utrydde med BCG-vaksine. Men er du norsk, lever og jobbar her, og giftar deg norsk, er risikoen svært liten.

I Hordaland blir det årleg registrert kring 25 nye tilfelle av tuberkulose. Totalt i landet vart det registrert nær 300 tilfelle i fjor. 77 prosent av desse var innvandrarar.

«Rutinearbeid»

Jentoft, som har arbeidd med tuberkulosekontroll i Bergen i mange år, synest tidvis at jobben er blitt meiningslaus.

— Det blir mykje rutinearbeid, og jobben vi gjer kan til tider opplevast som unødvendig. Forferdeleg sjeldan vi finn noko, kanskje berre eitt tilfelle per 200.000 undersøkte personar. Likevel er det ikkje utan ein flik av tvil at Jentoft no tek til orde for å avskaffe BCG-vaksinasjon.

— Det kan føre til at vi som jobbar med førebyggande arbeid blir ei utdøyande yrkesgruppe, og at kompetansen på tuberkulose blir nedbygd

— Kva om smitten blomstrar opp igjen?

— Risikoen for smitte frå innvandrarar til nordmenn i dag er veldig liten, men situasjonen kan forandre seg. Det vil i så fall vere direkte knytt til ein nærare integrasjon av innvandrarar i norske familiar.