Ifølgje søknaden til Statens forureiningstilsyn (SFT) om endra produksjon, skal anlegget i Sløvåg årleg ta mot to millionar tonn petroleumsprodukt. I tillegg til lagring skal det også gå føre seg blanding av oljeprodukt ved terminalen. Firmaet arbeider ut frå ein oppstartsdato som er 1. februar neste år.

— Får dei løyve til dette blir Sløvåg eit Mongstad i miniatyr, meiner fagansvarleg for olje og shipping i Norges Miljøvernforbund, Jan-Hugo Holten.

Forbundet legg ikkje skjul på at dei er skeptiske:

— Dette er ein mangelfull søknad. Det kjem fram masse opplysningar, men berre eit fåtal er relevante.

Omlasting

Estiske Alexela tok over Vest Tank-anlegget i Sløvåg i sommar. Jostein Berland, som var sjef i Vest Tank og har status som mistenkt etter eksplosjonen, er dagleg leiar for Alexela Sløvåg.

I tillegg til i heimlandet, har selskapet frå før anlegg i Russland og Danmark. I Murmansk er estarane medeigar i ein oljeterminal. Det er frå denne terminalen petroleumsprodukt skal fraktast i tankbåtar langs norskekysten til mellomlagring i Gulen.

Fordi det er restriksjonar på båttrafikken gjennom Murmanskstredet, skal det brukast relativt små tankbåtar på transporten sørover langs norskekysten.

Maksimalt er det snakk om tankbåtar med lastekapasitet på 50.000 tonn. Etter lossing i Sløvåg, skal dei russiske oljeprodukta lastast over på langt større skip, og deretter fraktast vidare til internasjonale kundar.

— Alexela vil byggje ut Sløvåg til ein fullverdig oljeterminal, heiter det i søknaden.

Lang veg å gå

Dei to tankane som gjekk i lufta i mai, skal byggjast opp att. Totalt er det snakk om eit anlegg med 11 tankar. Alexela reknar med at det vil bli 24 tilsette ved terminalen. I Vest Tank var det åtte tilsette.

Miljøvernforbundet meiner søknaden har klare manglar. Dei peikar mellom anna på at Alexela må få på bordet ein beredskapsplan. I følgje miljøorganisasjonen treng dei også løyve frå Kystverket før dei kan starte drift.

— Etter vår syn har selskapet ein lang veg å gå før dei kan ta mot første lasta frå Murmansk, seier Jan-Hugo Holten.

Han er også skeptisk til at dette vil føre til auka tankbåttrafikk langs den vêrharde norskekysten.

Med båtar på 50.000 dødvekttonn, vil det minst bli 40 skipsstopp i året med olje frå Murmansk ved terminalen på nordsida av Fensfjorden. Mongstad er i dag den største hamna i landet målt i tonnasje.

Investerer 70 millionar

Saman med ventebøyene som no er under planlegging, vil ein oljeterminal i Sløvåg gje ein vesentleg trafikkauke i eit sjøområde som frå før er mellom dei tettast trafikkerte i landet, seier Holten.

Bergens Tidende fekk i går ikkje kontakt med Jostein Berland. Han har tidlegare sagt at dei nye eigarane er innstilt på å bruke 70 millionar kroner på å lage ein fullverdig oljeterminal.

Statens forureiningstilsyn vil om kort tid ta stilling til korleis dei skal handsame søknaden.

TANKTERMINAL: Dei nye eigarane vil bruke byggje om Sløvåg-anlegg til å bli ein oljeterminal. Dei ser for seg at minst 40 oljetankarar frå Murmansk vil gå innom Sløvåg i året. ARKIVFOTO: SILJE KATRINE ROBINSON
Silje Katrine Robinson