• Erna Solberg bør slå full alarm, seier SV-politikar Oddny Miljeteig til BT.

Bystyremedlem i Bergen, Oddny Miljeteig, meiner at norske styresmakter fornektar — eller i beste fall bagatelliserer - kjønnsbasert forfølging.

— Kvinnelege asylsøkjarar blir ikkje tekne seriøst av norske styresmakter. Kvinneperspektivet er gått med i dragsuget i innstrammingane av asyl- og flyktningpolitikk, seier Miljeteig til BT.

- Konvensjon for menn

Etter hennar oppfatning er Flyktningekonvensjonen laga for mannlege, politiske flyktningar. Ikkje for kvinner, som ofte flyktar frå menn eller storfamilien.

— I mange land er det å ha blitt valdteken grunn nok til å bli forfølgd og utstøytt. Derfor er kvinnelege asylsøkjarar i ein spesiell situasjon, seier Miljeteig.

Ho krev at statsråd Erna Solberg umiddelbart går gjennom alle slike saker på nytt, for å forsikre seg om at kvinneperspektivet er blitt ivaretatt.

For nokre år sidan var Miljeteig med på å stifte kvinnenettverket «14 kvinner», som arbeider for at kjønnsbasert forfølging skal gje kvinner rett til asyl.

- SV møter seg sjølv i døra

Statssekretær Cathrin Bretzeg i Kommunal og regionaldepartementet meiner SV her møter seg sjølv i døra.

— Stortinget vedtok med verknad frå 2001 at statsråden ikkje skulle blande seg inn i enkeltsaker, ein regel SV var med på å innføre. Spesielt SV er svært ofte kritiske til at statsråden får sterkare styring med dette feltet, samstundes som dei er dei første til å skrike ut at Erna Solberg må gripe inn, seier ho.

Bretzeg meiner Miljeteig fer med tøv når ho seier at norske styresmakter ikkje tek kvinnelege asylsøkjarar seriøst. Solbergs statssekretær viser her til at 55 kvinner fekk opphaldsløyve i 2003 på grunn av kjønnsbasert forfølging. Ved utgangen av oktober i år hadde talet auka med 48.

— Vi har til og med fått ros frå FNs høgkommisær for flyktningar fordi så mange som 55 i fjor fekk opphald på det grunnlaget, seier ho.