• Folk som ikkje er vaksinerte, bør ta bilen, ikkje bussen, på jobb. Inntil vidare bør dei heller ikkje gå på kino eller konsert, meiner kommuneoverlege Gunnar Hetland.

Tenkt deg på kino i kveld? Eller konsert? Dropp det, oppfordrar kommuneoverlegen i Granvin, dersom du ikkje er vaksinert mot svineinfluensa. Og har du bil, bør du heller ta bilen enn å køyre kollektivt til jobben.

— Ein person som ikkje er vaksinert, bør i den grad det er mogleg leve som «eremitt» for å redusere smittefaren, meiner Gunnar Hetland.

- Er ikkje dette å overdramatisere?

— Nei, hjelpe meg, det synest eg ikkje! Dette er ein unntakstilstand som vil vare nokre få månader. I ein kort periode må folk jammen klare å la vere å gå på kino eller konsert!

- Trongt som i London

Klokka nærmar seg halv fire, og på rute 21 mot Nordåsvannet står passasjerane som sild i tønne. Dørene opnar seg, og nye folk renn inn i bussen.

— Eg skulle gjerne tatt bilen til skulen kvar dag mens svineinfluensaen herjar. Men eg har dessverre ikkje råd. Bom og parkering kostar for mykje, seier Jonas Reijnow (23).

Med diabetes type-1 er han i risikogruppene, og han har nettopp blitt vaksinert. Likevel føler han seg ikkje trygg der han står og held seg fast i midtgangen på veg heim til Paradis.

— Eg må ta ein vaksine til for å vere heilt sikker, og bussturane gjer ikkje saka noko betre. Om morgonen er det like fullt som på «tuben» i London, seier Reijnow.

- Parker på Festplassen

Kommuneoverlege Hetland oppfordrar alle som ventar på vaksine om å skygge unna folkemengder innandørs. Sjølv ville han ikkje sett sine bein på ein kino eller i eit konsertlokale, dersom han ikkje var vaksinert.

— Folk må ikkje berre svime rundt og la stat og kommune ordne opp, men vise personleg ansvar for å bryte smittevegen, seier legen og Høgre-politikaren i Granvin.

Det inneber også at folk som ikkje er vaksinerte bør unngå offentleg kommunikasjon, og ta bil i staden for buss eller tog til jobb, dersom dei kan.

— Går du på ein buss i Bergen og nokon hostar, kan fort hundre personar bli smitta, seier Hetland.

- Men dersom alle skulle køyre bil på jobb, ville det jo bli trafikkaos i Bergen?

— Ville det?

Spør Hetland retorisk.

— Kva om Bergen kommune tok vekk alle parkering forbode-skilt, og sa at dei ikkje gjeld før 100.000 bergensarar er vaksinerte? I tillegg kunne kommunen opne f.eks. Festplassen og Nygårdshøyden for parkering i ein periode. Då folk kunne parkere der mellom klokka 8-16, i staden for å ta bussen og risikere å bli sjuke og smitte andre.

— Ikkje ta Fløibanen

Når 35-40 prosent av ei befolkning er vaksinert, forklarar Hetland, stoppar nemleg ein epidemi opp. For Bergen sin del vil det altså seie 100.000 menneske.

Inntil dette målet er nådd, meiner han at folk må vere ekstra forsiktige, særleg dei som bur under same tak som risikogrupper med diabetes eller astma.

— I Bergen må folk gjerne gå tur på Fløyen eller Ulriken. Men ikkje ta banen, seier Hetland, som sjølv er bergensar.

Også folk som har planar om Syden-tur utan vaksine i kroppen, bør tenkje seg godt om, meiner han.

— Svineinfluensa kan vere ein skummelt, og vi må ikkje bagatellisere sjukdomen. Unge menneske, som ikkje høyrer til risikogruppene, kan bli alvorleg sjuke, svarar Hetland.

- Men kva med arbeidsplassar, skular, barnehagar? Der er det også stor smittefare?

— Ja, men på jobb er vi meir prisgitt arbeidsgjevaren. Fritida er vi herre over sjølve. Då må vi vise ansvar.

- Storbyane må først i køen

Hetland viser til Storbritannia, der fleire skular er blitt stengde på grunn av smittefaren.

— Hadde dette vore 1950-talet, då dei fleste norske mødrer var heimeverande, ville sikkert det same skjedd her. Men det får vi aldri vite.

Når nye vaksinedoser snart blir distribuerte utover landet, meiner Hetland at storbyane må stå først i køen.

— I store byar er smittepresset og risikoen for å bli sjuk langt større enn i ein liten kommune som Granvin. Derfor bør storbyane absolutt prioriterast.

Kva meiner du? Er dette gode råd?