• Skulestrid framkallar urinstinktet i menneska, seier rådgjevar Torodd Fagerheim.

Denne hausten står kring 120 norske skular i fare for å forsvinne. Fredag fekk Torodd Fagerheim i Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS) melding om tre nye kommunar som planlegg å sentralisere skuletilbodet.

— Det vrimlar av slike saker. Talet aukar for kvar dag, og situasjonen er verre enn nokon gong, seier rådgjevaren.

— Kvifor vekkjer skulenedleggingar så sterke kjensler?

— Eg trur mest ein må ha ungar i skulealder sjølv for å forstå det. Slike saker framkallar urinstinktet i menneska, pirkar inn på sjølve eksistensnerven. Når grunnlaget for skulen i nærmiljøet blir drege i tvil, blir det trygge og stabile livsgrunnlaget – dette som folk treng for å ha eit godt liv – truga.

At situasjonen i Kvam er blitt så tilspissa, meiner Fagerheim skuldast utgreiingsarbeidet som vart gjort i forkant av skulesamanslåingane.

— Kvalitetsmessig stod arbeidet til stryk, og kommunen spelte bygdelag ut mot kvarandre. Naturlegvis slåst folk!

— Men ungdomsskuleelevane i Norheimsund har ikkje lang veg til den nye skulen i Øystese, det er berre snakk om ein busstur på nokre kilometer?

— Dette dreier seg ikkje berre om kilometer, men om kor identiteten til barn, foreldre og besteforeldre ligg.