— Det vil gjere uboteleg skade for reiselivsnæringa og for utviklinga i fleire kommunar på Vestlandet om Forsvaret nå får arbeide vidare med bombeplanane sine. Det handlar om fleire hundre arbeidsplassar, seier ordføraren på Voss, Bjørn Christensen til Bergens Tidende.

I det samrøystes vedtaket frå kommunestyret i går heiter det mellom anna:

«Voss kommune reagerer på at Forsvaret etter å ha lagt ned dei fleste arbeidsplassane på Voss, no lanserer planar som kan riva grunnlaget under den fremste vekstnæringa i området.»

Delikat for Regjeringa

Saka involverer på ein spektakulær måte forsvarsminister Kristin Krohn Devold (H), miljøvernminister Børge Brende (H) og statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF).

Flybombesaka er ein god illustrasjon på at den eine handa neppe veit kva den andre gjer i Regjeringa, meiner Christensen.

Miljøverndepartementet har i fleire år arbeidd med planane om å nominere Nærøyfjorden og Geirangerfjorden som kandidatar til UNESCO si liste over verdas kulturarv. I juni i fjor vedtok Regjeringa å nominere dei to fjordane.

Statsminister Kjell Magne Bondevik hadde mange fine ord og argument for framlegget, som døme på unike norske fjordlandskap då han lanserte vedtaket.

— Vi kan berre gløyme alle tankar om kulturarvlista til UNESCO om det er aktuelt å leggje eit flybombefelt i området. Det gjorde UNESCO-rådgjevar Peter Ogden klart då han vitja oss i mai, seier Christensen.

Gav ingen informasjon

Omtrent samstundes med nomineringa til UNESCO fekk Forsvarsbygg i oppdrag av Forsvarsdepartementet å utarbeide ei vurdering av om Mjølfjell-området kan eigne seg som nytt øvingsfelt for flybombing.

— Vi var då ikkje klar over planane om at Nærøyfjorden skulle inn på lista over verdas kulturarv, seier oberstløytnant Per Siem til Bergens Tidende. Han er prosjektleiar i Forsvarsbygg for skyte- og bombefelt i landet.

Sidan har det vore fleire møte mellom Forsvarsbygg og departementet om prosjektarbeidet med Mjølfjell utan at forholdet til Nærøyfjorden er blitt nemnt som noko problem, opplyser Siem.

Orienterte ingen

Forsvaret eller Forsvarsdepartementet har ikkje teke seg bryet med å orientere Miljøverndepartementet om planane om flybombefelt. Det stadfester avdelingsdirektør Holtane.

Forsvarsdepartementet har heller ikkje teke seg bryet med å orientere kommunane som blir råka, seier ordførar Christensen.

— Vi fanga det opp gjennom ein slengmerknad frå forsvarsministeren då ho var på Voss i fjor haust. Det resulterte i at vi straks stilte ei rad spørsmål til departementet. Det er trist og heilt utruleg å oppleve ei slik saksbehandling som det vi her ser, seier Christensen.

Forsvarsbygg skal ha klar ei førebels utgreiing innan 1. november. Deretter vil Forsvarsdepartementet sende saka ut på ei førebels høyring. Først deretter blir det snakk om å lage ei konsekvensutgreiing. Den vil ta to år, opplyser oberstløytnant Siem.

Bondevik og Brende var i går på reise utanlands og ikkje tilgjengelege for kommentarar.