Hendinga skjedde i tidsrommet 1963-65 har vorte aktualisert i samband med Rune Gerhardsens oppvekstskildring «Du er faren min likevel?», som blei lansert tysdag.

Tron Gerhardsen, som då var journalist i Arbeiderbladet, var vitne til det heile. Han var med i heisen. Han fortel til Bergens Tidende:

Nytt lys

— Heisen var så liten og trong at det knapt var plass til tre; så trongt var det at du merka godt om ein ikkje hadde pussa tennene om morgonen. Då vi kom i heisen denne dagen hadde dørene knapt slege igjen før Haakon Lie starta med å skjelle ut far, Rolf Gerhardsen. Han kalla han «drittsekk». Far svara med same mynt. Det gjekk fleire rundar mellom dei to, før Haakon Lie gjekk ut til kontoret sitt i femte. Då var far svært godt nøgd med å ha terga opp Haakon Lie.

Denne vesle historia kastar nytt lys over dei bitre forholda i leiinga i Arbeidarpartiet først på 1960-talet.

Intern strid på toppen i Ap er altså ikkje noko nytt.

97-årige Haakon Lie seier til Bergens Tidende at han ikkje kan hugse nokon slik episode:

— Dette er berre barnepjatt, seier han og ler. Han opplyser at han heller ikkje har tenkt å lese boka som Rune, son til Einar Gerhardsen, har skreve.

Viktig

Rolf Gerhardsen og Haakon Lie var jamgamle og hadde vore nære vener gjennom fleire ti-år. Dei hadde også samarbeidd nært om kartlegging av kommunistar og andre venstreorienterte i parti og fagrørsle i åra etter krigen. Her var det også nærkontakt med overvakingspolitiet.

Difor er dette verbale oppgjeret historisk interessant og viktig med tanke på det som skulle kome: Det oppsiktsvekkjande oppgjeret som Einar Gerhardsen, bror av Rolf, tok med Haakon Lie frå talarstolen på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1967.

Det var dette som endte med at Haakon Lie freste mot Gerhardsen: «Eg skal knekke deg som ei lus».

Stod kvarandre nær

Då oppgjeret i heisen skjedde, var Einar Gerhardsen framleis statsminister og partiformann. Rolf og Einar stod kvarandre svært nær og dei drøfta «alle» spørsmål med kvarandre.

Rune Gerhardsen nemner episoden i ein meir pynteleg versjon i boka han nå har skreve, utan å tidfeste hendinga. At den skjedde før Einar Gerhardsen tok oppgjeret med Haakon Lie, gjer hendinga meir interessant.

Haakon Lie sat som den mektige partisekretæren fram til i 1969.

Tron Gerhardsen meiner det var ei lang rad konfliktsaker som hadde ført til brotet mellom faren og Haakon Lie. Han trekker fram vedtaket om ikkje å stasjonere atomvåpen på norsk jord, forholdet til sosialistisk studentlag og fleire utanrikspolitiske stridsspørsmål.