• Ein vedvarande tilstand med fleire ulike symptom under og etter teneste i Golfkrigen i 1990–1991.
  • Vanleg klinisk-nevrologisk undersøking er som regel normal.
  • Symptoma liknar på dei ein ser ved andre fleirsymptomatiske tilstandar: Kronisk trøttheitssyndrom, fibromyalgi, kjemisk hypersensitivitet, posttraumatisk stressyndrom og andre psykiske og psykosomatiske reaksjonar, som for eksempel konsentrasjonsplager, redusert minne, redusert reaksjonsevne, smerteplager frå ulike delar av kroppen, søvnplager, trøttheit/utmatting, humørendringar/stemningslabilitet/tristheit, redusert tålmod, meir irritert enn vanleg, uro, mindre toleranse for ytre stimuli, etc.