Men båe er i tvil om det er rett å gå så langt som til forbod vedteke i Stortinget.

— Eg har sympati for framlegget frå SV. Mange ser på det som utidig å verta oppringt av seljarar. Samstundes er eg usikker på om eit forbod er rett måte å koma dette til livs. Eg er vel meir tilhengjar av å gjera reservasjonsretten meir verksam, seier Olav Akselsen.

Han strekar under at han ikkje vil vera bastant no, og han veit ikkje korleis Ap-gruppa på Stortinget vil stilla seg til framlegget frå SV.

Gjermund Hagesæter frå Frp meiner at forslagsstillarane frå SV har eit poeng når dei ønskjer eit betre vern for husstandane mot telefonsal.

— Mange vil nok sjå det slik at eit forbod er fornuftig. Men det kan og råka hardt på ein del område og gje uheldige utslag. Vil eit forbod til dømes omfatta eit lokalt musikklag eller idrettslag som ringjer rundt og vil selja noko for å skaffa seg inntekter? spør Gjermund Hagesæter.