- Samfunnet ville kollapse
- Dette kunne sikkert gå greitt i Granvin. Men det går ikkje i byane, seier overlege Bjørn Iversen ved Folkehelseinstituttet.
AV: krister clausen hoaas
Les også:
- Dersom folk som ikkje er vaksinerte skulle leve som eremittar, ville samfunnet kollapse, og det ville ikkje vere kostnadseffektivt i det heile tatt. Men at alle kan tenkje meir over om det er nødvendig alt vi gjer, er eg einig i.
- Er det nødvendig å gå uvaksinert på kino?
- Det er avgrensa kor mykje vi kan hindre smitte. Vi må gå på jobb, på skulen og treffe andre menneske i kvardagen. Den ekstra risikoen vi tar ved å vere ute blant folk sosialt er ikkje så målbart at det kan stoppe ein epidemi. Folkehelseinstituttet har vore tydeleg på at vi ikkje anbefaler å stenge skular, kinoar og kyrkjer, fordi det ikkje er effektivt.
- Kor langt går det personlege ansvaret for å hindre smitte?
- Alle har ansvar for eiga helse og for å ikkje smitte andre, dersom dei er sjuke, svarar Iversen.
Smittevernoverlege i Bergen, Øystein Søbstad, er skeptisk til ein eremittstrategi, men gir likevel kollegaen sin litt rett.
- Det er sjølvsagt noko i det han seier. Om alle isolerer seg vil sjølvsagt smitten spreie seg saktare, seier Søbstad.
- Men det beste ein kan oppnå er likevel en relativt kort utsettelse av spreiinga. Kanskje nokre veker.
Heller ikkje i kommuneleiinga er dei viljuge til å lytte til råd frå Granvin.
- Skal vi trekkje dette vidare, må vi i så fall vurdere om må strenge skoler, barnehage og arbeidsplassar. Dette er ikkje mogleg for oss og ikkje noko vi kome til å vurdere, seier informasjonsdirektør i Bergen kommune, Robert Rastad.