• Eg er forundra over at SV ikkje ville vera med å ta ansvar. Partiet valde å senda heile pensjonsrekninga over til ungane våre. Det er dei som får betala gildet!

Finanspolitikaren Ranveig Frøiland (A) er kontant og krass når ho på denne måten stemplar SV sin uvilje til å vera med på det breie pensjonsforliket. Ho meiner at partiet berre ville vera med å fordela godbitane, men ikkje ta noko ansvar for heilskapen i pensjonsreforma.

— Det var litt leit at SV valde å plassera seg så langt på sidelina som det vel går an. Eg legg elles merke til SV-folk rundt omkring helst hadde sett at partiet deira var med på den reforma som vi skal vedta i Stortinget torsdag, seier Frøiland til Bergens Tidende.

«Vi vil ha omkamp»

SVs finanspolitiske talsmann, Øystein Djupedal, svara slik då Aftenposten like før SV-landsmøtet spurte kva partiet vil gjera dersom Ap gjekk med på eit forlik med regjeringa:

«Da vil vi ha omkamp. Og i det øyeblikk vi sitter i regjering, vil vi gjøre endringer.»

Til dette har Ranveig Frøiland svaret klart:

— SV vil ikkje kunne påverka noko. Det var no partiet hadde sjansen. Prinsippa vart vi samde om i forliket, og slik vert det.

- Krystallklårt vedtak

SVs finanspolitikar Heidi Grande Røys, Sogn og Fjordane, forsvarar sitt parti slik:

— Vi hadde ikkje nok val, for landsmøtevedtaket var krystallklårt. Vi kunne ikkje gå med på noko form for innstramming i forhold til dagens reglar. Vi kunne t.d. ikkje godta at besteårsregelen vert avskaffa og at systemet med delingstal og indeksering vert vedteke. Landsmøtet ville at veljarane skulle få seia si meining. Derfor kunne vi ikkje vera med på noko forlik no, seier Grande Røys.

- Heller fleire i arbeid

— Arbeidarpartiet burde for sin del vera varsam med å kritisera, for partiet har sprunge vekk frå mange av dei forslaga det gjekk god for i pensjonskommisjonen. Stoltenberg har heller ikkje forsvart den modellen som Sigbjørn Johnsen la fram i fjor, legg ho til.

— Meiner du at det ikkje er behov for innstramming i folketrygdordninga?

— Ja, for ein burde heller ha satsa skikkeleg på å få fleire folk i arbeid.

— Har Arbeidarpartiet svikta ved å gå med på dette forliket?

— Ap skal iallfall ha ros for det som er gjort for å få til ei betre fordeling, både med tanke på å behalda AFP og å få vedteke obligatorisk tenestepensjon, seier Heidi Grande Røys til BT.

fakta/pensjonsforlik

Stortinget skal i morgon vedta hovudlinene i eit breitt pensjonsforlik som regjeringspartia, Ap og Senterpartiet står bak. SV og Frp nekta å vera med.

Det vert m.a. innført obligatorisk tenestepensjon for alle som ikkje alt har det, der arbeidsgjevarane skal betala eit innskot som tilsvarar 2 prosent av løna til dei tilsette. Offentleg tilsette vert framleis sikra pensjon som er to tredjedelar av sluttløna. Dessutan skal AFP-pensjonen halda fram som i dag.

Besteårsregelen vert fjerna. Alle inntektsåra skal leggjast til grunn når pensjonen vert utrekna (i dag er det dei 20 beste åra.)

For å få folk til å arbeida lenger, vert det innført ei ordning med delingstal. Alderspensjonen vert justert i takt med endring i forventa levealder.