• Det er ingen teikn til at det raknar for SV. At partiet fell på meiningsmålingane frå eit høgt utgangspunkt og fram mot valet, er som venta og heilt normalt.

Det seier valforskar, professor Frank Aarebrot, ved Universitetet i Bergen til Bergens Tidende.

Fleire kommentatorar har dei siste dagane vore opptekne av sviktande oppslutnad om SV på fleire målingar.

Aarebrot forklarar at SV, til liks med Frp, er det han kallar «fullmobilisert». Det vil seie at tilhengarane kjenner høg lojalitet til partiet i utgangspunktet og vil røyste SV eller Frp nærmast uansett. Det betyr samstundes at SV og Frp har lite «reservar» å hente inn frå den store gruppa av usikre veljarar som er på vandring mellom partia.

— På denne bakgrunnen «skal» SV og Frp gå litt tilbake fram mot valet, for dei kan ikkje oppretthalde sin prosentdel av veljarane når fleire har bestemt seg. Heilt annleis er det med Venstre, KrF og Sp, som har låg lojalitet i utgangspunktet og dessto meir å hente gjennom valkampen, seier Aarebrot.

Ifylgje Aarebrot er stabiliteten i meiningsmålingane påfallande høg.

— Det mest overraskande i meingsmålingane er overgangane frå KrF som viser at om lag like mange går mot venstre som mot Frp.

Olav Boye, som var SV sin førstehandidat i Buskerud ved stortingsvalet i 1993, meiner at det er farleg for SV å lime seg for tett til Ap.

— I staden for å profilere seg med eigne saker, har ein underordna seg Ap, seier Boye til BT.

Partisekretæren i SV, Bård Vegar Solhjell, seier partiet kjem til å prioritere innsats i Hordaland sterkt nå i innspurten for å sikre at dei får to mandat, som i dag.