– Å gå frå 30 år i opposisjon og så rett inn i regjeringskontora, er krevjande. Det krev store omstillingar, som har pågått ope og i fullt flomlys. Det er utfordrande og krevjande. Men SV har nå funne forma, sa SV-leiar og finansminister Kristin Halvorsen då ho i går oppsummerte SV sine første åtte månadar i regjeringsposisjon.

Snuoperasjon

Halvorsen slår fast at regjeringa er i gang med ein stor snuoperasjon i det norske samfunnet etter fire år med ei høgre-dominert Bondevik-regjering.

– Endringane skal merkast. Vi skal ta vare på den offentlege velferden. Det er full stopp i privatisering. Og eg er trygg på at kursendringa blir godt motteken hjå folk flest, seier Halvorsen.

Både Halvorsen, parlamentarisk leiar Inge Ryan og nestleiaren i partiet, Audun Lysbakken, hevdar at alle ledd i partiet er nøgde med regjeringsdeltakinga. Partiet har fått større gjennomslag i regjering enn det dei hadde venta sjølv. Samstundes gjer partiet det ein kan for å oppretthalde god kontakt med utanomparlamentariske grupper slik partiet har tradisjon for.

Hardangerbru-saka

Ryan seier at det er oppretta god kontant mellom alle statsrådane og regjeringsfraksjonane på Stortinget, slik at fraksjonane blir trekte med og kjem med innspel i viktige saker før avgjerdene fell. Han seier at innspela som kjem på denne måten, ofte får gjennomslag.

Hardangerbru-saka er døme på ei sak der dette ikkje skjedde. Her gjekk innstillinga frå regjeringa tvert imot SV sitt program.

Det fekk stortingsrepresentant Hallgeir Langeland (SV) Rogaland til å uttale offentleg:

«Fru Halvorsen har bestemt at vi er for, sjølv om SV alltid har vore imot.» Dette innebar ein klar kritikk mot SV-leiaren og mot at SV-gruppa fekk beskjed om kva dei skulle meine.

Avviser «brannsløkking»

Audun Lysbakken brukar nå mykje tid på å reise rundt i lokallaga, og nektar plent at oppgåva då er å drive «brannsløkking» mellom misnøgde SV'arar.

Partileiinga avviser at meiningsmålingane gjev grunn til uro, sjølv om fleire målingar har gjeve svært låg tilslutnad til partiet. Leiinga held på at «testen» får ein først ved kommunevalet neste år og i stortingsvalet om drygt tre år. Dei trøystar seg med at snittet av meiningsmålingane ikkje ligg langt unna valresultatet i fjor.

Til dei som er skuffa over at regjeringa ikkje har makta å gjennomføre vallovnadane, er beskjeden klar:

– Soria Moria-erklæringa er eit prosjekt for fire år. Dersom vi ikkje har levert resultat etter fire år, har folk all grunn til å døme oss, seier Lysbakken.

Partileiar og finansminister Kristin Halvorsen serverte jordbær med fløyte før ho oppsummerte røynslene etter åtte månadar i regjering.