Bellona-leiar Fredrik Hauge er svært kritisk til den politiske prosessen rundt Hydros søknad om prøveboring i Barentshavet.

Han skuldar Statens Forureiningstilsyn (SFT) for å verne Hydro.

— Ja, heilt klart. Dei er oljeindustriens nyttige lakei i denne saka. Dei store utfordringane i med klimaet i nordområda er heilt fråverande. Det er store kunnskapshol, og regjeringa har ikkje sett av ressursar for dekke desse hola, seier Hauge.

Aksjon mot oljeplattform

I går aksjonerte Hauge saman med andre miljøvernarar frå Bellona, Natur og Ungdom og Greenpeace, ved å leggje seg i vegen for boreplattforma «Eirik Raude».

30 politifolk og to kystvaktskip sørga for at plattforma, som har vore til reparasjon ved WestCon i Ølen, i går ettermiddag fekk gå vidare på veg til Barentshavet, der den skal bore etter olje for Hydro.

— Vi har framleis ting å gjere for å stoppe dette, seier Hauge.

Bellona vil sende inn ein klage på boreløyvet, før klagefristen går ut onsdag. Hauge fryktar at Miljødepartementet vil hurtigbehandle klagene, og såleis gje Hydro meir tid til å bore før løyvet går ut 20. mars.

— Eg ser at Hydro spekulerer i at dei skal bore før jul. Det betyr at Miljødepartementet skal behandle saka på 5-6 veker. Bondevik 1-regjeringa gjekk av på forureiningslova, så viss ikkje Miljøverndepartementet stoppar dette på ein søknad som er så dårleg, lite dokumentert og upåliteleg, er det eit enormt svik mot miljørørsla.

— Og mot miljøet?

— Ja.

Kritisk til Ølen-politiet

Hauge meiner òg politiet og plattformsjefen handla kritikkverdig under aksjonen i går. Han meiner dei burde stoppa plattforma, som ifølgje aksjonistane kom mindre enn 200 meter frå aksjonistane som flaut i sjøen.

— Det har eg ingen kommentar til, seier lensmann Bjørn Alvseike i Ølen, som leia operasjonen, og legg til:

— Det var ikkje på noko tidspunkt noko fare for demonstrantane.

Alvseike meiner demonstrantane frå Bellona og Natur og Ungdom oppførte seg eksemplarisk, medan ei gruppe frå Greenpeace, som kom noko seinare, handla klanderverdig ved å prøve å borde plattforma.

Ingen av dei 16 aksjonistane politiet tok inn vedtok forelegget, og må difor møte i retten i desember.

<b>AKSJONERTE I ØLEN:</b> Aksjonistar frå Bellona, Natur og Ungdom og Greenpeace gjekk i går i sjøen framfor boreplattforma «Eirik Raude», som er på veg til Barentshavet. <p/> FOTO: BELLONA/PETTER SØRRA