• Stortingsrepresentant Lars Rise burde for lengst ha fått beskjed om å stille stortingsplassen i Oslo til disposisjon for partileiar Dagfinn Høybråten.

VIDAR YSTAD

Det seier sentrale kjelder i regjeringsapparatet til Bergens Tidende.

På dette nivået er ein oppteken av å halde på Valgerd Svarstad Haugland både som statsråd og som stortingsrepresentant frå Akershus, og å sikre statsråd og partileiar Dagfinn Høybråten stortingsplass.

Overfor Bergens Tidende blir det framheva at det er kortare frå Nesodden — der Høybråten bur - og til Oslo, enn til Østfold der han også er lansert.

- Løysinga ligg i Oslo

— Løysinga på problema i KrF ligg i Oslo, er beskjeden vi får.

Under KrF sin strategikonferansen i Tønsberg i helga vart det hevda at Oslo KrF hadde sett foten ned for Høybråten i Oslo.

— Det er ei misforståing. Det bygger på ei tolking av noko som er uttala, men det er ei feiltolking, seier leiaren for Oslo KrF, Aud L. Kvalbein, til Bergens Tidende.

Kvalbein vil ikkje utdjupe eller gå nærare inn på dette, men viser til leiaren i nominasjonskomiteen i Oslo-partiet, Robert Wright.

Wright seier i dag som han sa til BT i førre veke: at det ikkje er aktuelt å ta inn Høybråten sitt namn i prosessen nå. Men han held ope for at det kan skje på eit seinare stadium.

Må fortrenge

I 1981 gjorde partiveteranen i KrF, Kåre Kristiansen frå Nesodden, come-back på Stortinget ved å skyve ut den sitjande Oslo-representanten Eli Kristiansen. Om Høybråten blir lansert som kandidat frå Oslo, blir det dermed ikkje første gong at ein sitjande stortingsrepresentant for KrF blir fortrengt for å gje plass for ein endå meir sentral politikar.

Høybråten har tidlegare forsikra at han ikkje vil utfordre Svarstad Haugland. Presset mot henne for å trekkje seg, aukar. Det skjer dels som fylgje av meldingane om at lag i Østfold og Møre og Romsdal ikkje vil ha Høybråten, dels som fylgje av meldingar frå hennar eige heimfylke om at dei heller vil ha Høybråten enn henne.

Spørsmålet for Høybråten blir nå om han heller vil prøve å fortrenge regjeringskollega Valgerd Svarstad Haugland, enn sin eigen politiske rådgjevar, Line Henriette Holten Hjemdal, eller bønefelle, stortingsrepresentant Lars Rise.

Aftenposten har på leiarplass skreve at korkje KrF eller Høybråten kan leve med situasjonen dersom Valgerd Svarstad Haugland blir pressa ut.

Mosebok og Hagen

Tidlegare statsminister og Høgre-leiar, Kåre Willoch, seier til Bergens Tidende at han reagerer mot behandlinga av Valgerd Svarstad Haugland:

— For meg ser det ut til at dei lever etter Moseboka: Israels folk lasta alle syndene sine på ein bukk og jaga han ut i ørkenen. Det biletet synest eg passar godt på stakkars Valgerd Svarstad Haugland..

Om nominasjonsproblema i KrF har Willoch elles dette å seie:

— Det er opplagt at dei har problem. Men eg er i alle fall glad for at dei ikkje fylgjer Carl I. Hagen si oppskrift for Frp frå 2001 om å ekskludere dei som ikkje straks fylgjer tilvisingane frå sentralstyret om kven som skal nominerast kvar.

— I all omtalen av nominasjonsstriden nå, er det rart at dette tilsynelatande er gløymd av media, legg Willoch til.