• Det høyrest rart ut at riksadvokaten meiner han er habil til å behandle alle sider ved Treholt-saka i dag. Det hadde gitt betre signal og skapt større tillit til påtalemakta om han veik sete.

Dette seier advokat Cato Schiøtz til Bergens Tidende. Han er leiar i rettstryggleiksutvalet i Advokatforeningen.

Schiøtz presiserer at han har avgrensa kjennskap til saka og at rettstryggleiksutvalet ikkje har behandla saka.

— Meir elegant

— Men når dette er sagt, meiner eg alle gode grunnar talar for at riksadvokat Tor-Aksel Busch og førstestatsadvokat Lasse Qvigstad, bør overlate til andre å behandle dei ulike sidene ved Treholt-saka som nå er aktuelle. Det hadde vore meir elegant og inngitt større tillit i ei så kjensleladd sak som denne, seier Schiøtz.

— Eg legg då særleg vekt på den høge prestisjen som er knytt til behandlinga av denne saka, legg han til.

Han meiner den kloke løysinga ville vere at riksadvokaten sjølv erklærte seg ugild og at det vart oppnemnt ein sette-riksadvokat.

— Det finst mange gode kandidatar for eit slikt oppdrag utanfor påtalemakta, seier Schiøtz.

- Forfuska bevis

Advokat Ingjald Ørbeck Sørheim er opprørt over meldinga om at riksadvokaten meiner han er habil og meiner han kan behandle alle sider ved Treholt-saka.

— Det er to særlege forhold som gjer at eg meiner Busch er inhabil:

Det eine er at han var aktor i denne saka som det knyter seg så spesielle interesser til. Det andre er dei sterke skuldingane som advokat Arne Haugestad har retta mot påtalemakt og politi i Treholt-saka og som gjeld mellom anna bevisfusk. Etter det er det mistanke om at aktorane i det minste har presentert bevis for retten som det er tuska med, utan dermed å påstå at det er aktorane sjølve som har fuska med bevis, seier Sørheim.