Dette stadfestar tidlegare generalsekretær Ivar Egeberg i Sp til Dagens Næringsliv.

— Riis-Johansen var informert om fornybarprosjektet, og at vi skulle få pengar ut av det, seier Egeberg til avisa.

Statsråden sjølv har helt sidan saka vart kjent avvist at han visste noko om pengestøtta på 500.000 kroner frå Eidsiva Energi og 200.000 kroner frå Troms kraft.

Egeberg fortel at Riis-Johansen ikkje visste kva for konkrete selskap støtta skulle kome frå, men at det var klart at det var aktørar innan kraftsektoren som skulle bidra med pengar til Sp.

Den tidlegare generalsekretæren skreiv i ein e-post til statssekretær Sigrid Hjørnegård, Riis-Johansens høgre hand i departementet, at Eidsiva hadde bestemt seg for å sponse eit Senterparti-prosjekt med 650.000 kroner, ifølgje TV 2.

Egeberg skildrar det som merkeleg at statssekretæren skal ha svart på e-posten utan å ha fått med seg pengesummen. Når det gjeld hans eiga rolle i saka, hevdar Egeberg at han handla i god tru.

— Eg meiner eg ikkje har gjort noko galt, og eg ville gjort det same igjen. Den einaste feilen var sjølvsagt at eg ikkje visste at det var ulovleg å motta støtte frå offentleg åtte selskap, seier han.

Skjerpar tonen mot Sp

Opposisjonen på Stortinget er ikkje overtydd om at alle kort i saka om pengestøtte til Sp er lagt på bordet.

Dei fingranskar nå e-postutvekslinga som er framlagd mellom aktørane i saka, og som viser bakgrunnen for at Eidsiva Energi og Troms Kraft ga pengestøtte til Sp i strid med lova, slikt BT skreiv i går.

— Vi har nå opna sak og skal tysdag avgjere kven som skal kallast inn. Eg vil ikkje sjå bort frå at det kan bli aktuelt å innkalle fleire enn Liv Signe Navarsete, seier Per-Kristian Foss (H) til Bergens Tidende. Han er visepresident på Stortinget og medlem av kontrollkomiteen.

Ingen av e-postane som har gått til eller frå den politiske leiinga i departementet i denne saka, er journalførde i departementet.

Det er difor ikkje råd å kontrollere at all relevant dokumentasjon er lagt på bordet.

— Inntrykket mitt, etter å ha lese ein del av desse e-postane, er at Sp trong pengar. Så fann ein på eit prosjekt for å kunne søkje støtte der det var ulovleg. Slik vart partistøtta gitt under dekke av eit prosjekt, seier Foss.

Han meiner det er utruleg at statsråd Terje Riis-Johansen ikkje skulle ha nokon kjennskap til realitetane i saka.

  • På meg verkar det lite sannsynleg at han ikkje skulle vere informert. Eg undrar meg over at det skulle vere så dårleg kontakt mellom statsråd og statssekretær som det blir gitt inntrykk av, seier Foss.

- Utruleg

  • Det eg hittil har sett i desse e-postane gjer at det verkar utruleg når Riis-Johansen hevdar at han ikkje har visst om pengestøtta. Nokre av desse e-postane er klare indisium på at han må ha visst eller burde ha visst, seier Anders Anundsen (Frp). Han er leiar i kontrollkomiteen.

Både generalsekretær Ivar Egeberg og styreleiaren i Felleskjøpet Agro, Steinar Dvergsdal, freista å få pengar frå Olje- og energidepartementet til «fornybar-prosjektet».

Dvergsdal, som var sentral i «fornybarprosjektet», sendte søknad i mai 2009. I juli kom det negativt svar frå departementet.

- Klar indikasjon

  • Eg finn det svært rart at generalsekretæren i Senterpartiet kunne sende ein faktura for ei annonse til Olje- og energidepartementet utan at dette var snakka om og avtala på førehand. For meg framstår dette som ein klar indikasjon på at dette er drøfta på førehand, seier Anundsen.
  • Førebels har vi ikkje klar dokumentasjon på at Riis-Johansen var fullt informert. Men det kan endre seg. Det gjeld også spørsmålet om innkalling av andre enn Navarsete til høyring, seier Anundsen. Han legg til:
  • Eg trur kanskje det finst meir informasjon i denne saka enn det som er lagt ut på nettet og offentleggjort av Olje- og energidepartementet.