Det seier professor Hilde Henriksen Waage ved Universitetet i Oslo. Knapt nokon har studert Noreg si rolle og engasjement i Midt-Austen-konflikten grundigare enn henne.

– Eg er overtydd om at regjeringa vil falle ned på same standpunktet som den førre regjeringa og Erna Solberg som nekta Vanunu asyl, legg ho til.

– Argusauge på Noreg

Ho meiner det er veldig viktige utanrikspolitiske omsyn som dikterer standpunktet, uavhengig av kva Erna Solberg har sagt i ulike samanhengar.

– Det er for det første Noreg sitt forhold til Israel. Noreg har tradisjonelt vore oppteken av å vere Israel sin beste ven i verda. Forholda har endra seg sterkt ikkje minst ved at opinionen i Noreg har svinget i pro-palestinsk retning. Israel følgjer Noreg med argusauge og tolkar alle handlingar ut frå sine eigne interesser. Israel er nå så kritisk til Noreg at landet i mange samanhengar utpeikar Noreg til det mest antisemittiske landet i Europa. Det har gjort det svært vanskeleg å vere utanriksminister i Noreg

. Norske eigeninteresser

– Så kjem forholdet til ynsket om å ivareta norske eigeninteresser. Det er blitt eit stadig større spenn mellom den idealistiske politikken som skulle tilseie at Vanunu ville få asyl, og realpolitikken og norske eigeninteresser. Her kjem omsynet til Noreg som meklar og fredsarbeid tungt inn. Fredsmekling er Noregs kanskje viktigaste eksportartikkel.

**Les også:

Støre neglisjerer LO-vedtak**

– Legg Noreg seg ut med Israel, spelar Noreg seg ut som meklar i Midt-Austen. Å spele ei rolle i verda som meklar, er så viktig for denne regjeringa at andre omsyn må vike, seier Waage.

«Dear Condi»

– Forholdet til USA er også ein viktig del av norske eigeninteresser. Det har alltid vore slik at Noreg sitt forhold til Israel har vore sterkt bunde saman med forholdet til USA. Oppstår det problem i forholdet mellom Noreg og Israel, vil Israel mobilisere amerikanarane som vil bruke musklane sine overfor Noreg.

**Les også:

Ulike reaksjonar i regjeringspartia**

Det er i dette lyset ein må sjå det omstridde brevet som utanriksminister Jonas Gahr Støre sendte til den amerikanske utanriksministeren, Condoleezza Rice, etter striden om SV-aksjonen for boikott av israelske varer i 2006. I brevet nytta Støre tilskrifta «Dear Condi» noko som vekte ein viss oppsikt, poengterer Waage.

– Varm potet

– Når Vanunu-saka nå har kome på bordet, er det ei særdeles vanskeleg sak for regjeringa. Det er ei varm potet som ein ikkje ønskjer å handtere. Av politiske grunnar vil svaret difor bli nei på ein ny søknad om asyl frå Vanunu, seier Waage.

– Dette gjer også at Utanriksdepartementet og Arbeids— og inkluderingsdepartementet ikkje vil gje innsyn i dei dokumenta dei har i denne saka som kastar lys over dei politiske vurderingane som er gjort, seier Waage.

IKKJE ASYL: ¿ Eg er overtydd om at Stoltenberg-regjeringa vil falle ned på same standpunkt som Bondevik-regjeringa og nekte Vanunu asyl, seier professor Hilde Henriksen Waage.