— Når Stortinget fattar vedtak eller gjev uttrykk for klare meiningar i ei sak, kan ikkje regjeringa overprøve dette. Vedtak eller klare føringar kjem ut på eitt. I dette tilfellet var det ingen tvil om kva Stortinget meinte. Kjem regjeringa til at gode grunnar talar mot å gjennomføre Stortinget sin vilje, får regjeringa leggje saka fram for Stortinget og argumentere og forklare kvifor ein ikkje vil etterkome Stortinget sitt ynskje, seier Ballo.

«All makt i denne sal»

— Regjeringa kan ikkje på eigen kjøl trasse Stortinget og så rekne med at det blir akseptert. Stortinget må markere «all makt i denne sal», seier Ballo og siterer Johan Sverdrups slagord som leidde til den første parlamentariske regjeringa i Noreg i 1884.

Ballo opplyser at han og SV ikkje har fått noka orientering om kvifor regjeringa ikkje vil etterkome ynskjet frå Stortinget i denne saka. Han var også ukjent med avgjerda.

Statssekretær Astri Aas-Hansen (A) i Justisdepartementet forklarer at regjeringa ut frå «ei totalvurdering har kome til at ein ikkje ynskjer å innføre slik journalføringsplikt».

Ho opplyser at somme departement har argumentert med «det er vanskeleg å få til slik journalføring». Ho har problem med å forklare kvifor det skulle vere vanskeleg og viser til at Justisdepartementet sjølv journalfører alle organinterne dokument og kjem til å halde fram med det.

Utfordrar Storberget

Etter oppslaget om saka i BT i førre veke sendte stortingsrepresentant André Oktay Dahl (H) brev til statsråd Storberget med følgjande spørsmål:

«Synes ikke statsråden at det er problematisk at regjeringen søker å begrense innsynsretten etter offentlighetsloven i strid med Stortingets forutsetninger?»

— Eg støttar heilt og fullt det Ballo nå seier. Det er viktig at Ballo seier dette, seier Dahl til BT.

— Eg vil også minne om at Storberget, etter at han overtok som statsråd, sa at han ville gå lengre i å gje innsyn enn det Odd Einar Dørum (V) gjorde som statsråd. Det vart med orda - ingen realitet, seier Dahl.

- Ingen tvil

— Det er ingen tvil om at odelstingsdebatten i fjor vår gav tilslutning til gjeninnføringen av krav om journalføring av organinterne dokument. Difor måtte ein vente at Regjeringa ville etterkome dette klare ynskjet, seier stortingsrepresentant Gunnar Kvassheim som var Venstre sin hovudtalsmann i denne saka.

Han peikar på at mange kommunar nå har organisert «halve kommunen» som eitt organ, noko som gjer det endå vanskelegare for folk og presse å få oversikt og innsyn med saker som er under arbeid ut frå dagens regelverk.

KRITISERAR: Regjeringa og justisminister Knut Storberget får knallhard kritikk frå SV-representanten Olav Gunnar Ballo i saka om innsyn i postjournalar i forvaltninga. Journalane er nøkkelen til å få innsyn i kva forvaltninga arbeider med.
Johannessen, Sara