VIDAR YSTAD, JON EVEN ANDERSEN, NTB

Både Jonas Gahr Støre og statsminister Jens Stoltenberg brukte mykje tid torsdag på å forsikre omverda om at boikott av Israel ikkje er norsk offisiell politikk.

Kristin Halvorsen fekk også «pes» frå Sp-leiar og regjeringskollega Åslaug Haga. Ho meinte at utanrikspolitikken står i ei særstilling når det gjeld varsemd i eigne partimarkeringar.

Fleire stortingspolitikarar frå regjeringspartia har ytra seg i saka, og her er det stort sprik, både mellom partia og innan same parti.

Parlamentarisk leiar Magnhild Meltveit Kleppa i Sp seier til Bergens Tidende at alle dei tre regjeringspartia vil ha behov for å «løfte visse saker ut frå eigne vedtak på landsmøte og landsstyre».

— Det må vere armslag for det. På den andre sida må ein særleg på det utanrikspolitiske området opptre slik at ein ikkje initierer grasrotrørsler som sår tvil om kva som er Regjeringa sin offisielle politikk, seier Kleppa.

Sprik i Ap

I går uttala stortingsrepresentant Marianne Marthinsen (Ap) frå Oslo klar støtte til SV sin boikottaksjon mot israelske varer. Men i sekretariatet for Ap si stortingsgruppe var beskjeden klar:

— Det er utanriksminister Jonas Gahr Støre som uttalar seg om denne saka, seier informasjonsleiar Anne Odden, til Bergens Tidende.

Dette illustrerer at boikottsaka er blitt ei vanskeleg og kjedeleg sak for Regjeringa.

— Slike situasjonar vil oppstå frå tid til anna. Det vil vere ulike meiningar om fleire spørsmål både i Ap, i Sp og SV. Dersom ei regjering som denne skal overleve, må det vere aksept for at det kjem til uttrykk avvikande syn mellom partia og mellom partia og regjeringa, seier SV-veteranen Berge Furre. Han har bakgrunn både som parlamentarisk leiar og partileiar i SV.

— Men Regjeringa må halde i hop. For å sikre det, treng ein å meisle ut løysingar og metodar for å handtere usemja som alle veit finst. Ei slik regjering må leve med usemja. Noko disiplinært hardkøyr mot partia eller grupperingar, vil berre skape større problem.

- Førparlamentarisk tid

— Sp-leiar Åslaug Haga seier at utanrikspolitikken står i ei særstilling. Der kan ein ikkje akseptere avvikande standpunkt?

— Utanrikspolitikken ber i seg mange utfordringar. Den inneheld kjenslevare spørsmål. Men å hevde at utanrikspolitikken står i ei særstilling er som å gå tilbake til tida før parlamentarismen vart innførd i 1884, då utanrikspolitikken var overlaten til kongen.

— Ser du saker som kan skape liknande problem som denne Israel-boikotten tydelegvis gjer?

— Det ligg ein del slike dynamittgubbar frametter som regjeringsmedlemene vil måtte forhalde seg til. Det gjeld spørsmål om aktivitet i Barentshavet og oljeboring utanfor Nord-Noreg, som vi alle er klar over. Partia må her finne løysingar som alle kan leve med.

— Er du trygg på at det går?

— Eg satsar på at dei vil greie det - av di alle veit kva dei står overfor og i lang tid har hatt høve til å bu seg. Meir engsteleg er eg for saker som måtte dukke tilfeldig opp og som ikkje er forhandla eller løyst gjennom Soria Moria-avtalen. I denne samanhengen kan det vere freistande å minne om brevsaka som var den utløysande faktoren då Borten-regjeringa sprakk i 1971. Men då er det samstundes verd å peike på at forholdet mellom dagens tre regjeringsparti er langt betre enn tilfellet var mellom dei fire partia i Borten-regjeringa, seier Furre.

BESKJED FRÅ VETERAN: - Regjeringa må lære seg til å leve med at regjeringspartia kan ha ulikt syn, også i viktige saker som utanrikspolitikken, seier tidlegare SV-leiar, Berge Furre, til Bergens Tidende.