• Dei går for fort fram og gjer dårleg handverk, seier forskar Didrik Seip om politikaranes bruk av konkurranse for å effektivisere offentleg sektor.

Erna Solberg vedgår at ikkje alt kan konkurranseutsetjast.

Erna Solberg presenterte i går regjeringas reformarbeid for offentleg sektor som eit forsøk på å redde velferdsstaten, eller «velferdssamfunnet», som ho vel å kalle det. Middelet er konkurranse og større moglegheit for brukarane å velje tenester sjølve.

Førsteamanuensis Didrik Seip frå Høgskulen i Buskerud er ikkje usamd i at konkurranse kan fungere på visse felt. Han meiner likevel regjeringar sidan Gro Harlem Brundtlands tid har hatt overdrivne forventningar til kva vinst konkurranseutsetjing kan gje.

— Min konklusjon er at dei går for fort fram og gjer dårleg handverk, men at konkurranse kan brukast, seier Seip, som har omhandla temaet i ein rapport i den nye maktutgreiinga.

Han viser mellom anna til privatiseringa av telesektoren, straumleveransane og posten.

Seip er kritisk til Solberg og resten av regjeringa sin bruk av dette verkemiddelet, men meiner dei her held fram arbeidet Arbeidarpartiet starta med for over ti år sidan.

— Arbeidarpartiet var med på ein god del av det same. Brundtland skulle modernisere Norge. Dei gjorde det litt lettvint og høyrde på enkelte ekspertar, seier Seip, som óg peikar på at skal konkurransen fungere, krev det meir kontroll.