EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noAlle redningsvestar som er til sals i Noreg skal snu eit medvitslaust barn over på ryggen om det fell i vatnet. Dette er eitt av krava i EU-standarden som Noreg følgjer. Bergens Tidende omtalte i vinter dokke-testar utført i eit EU-prosjekt i Trondheim, der konklusjonen var at ingen av dei seks utprøvde fritidsvestane oppfylte dette minstekravet i lovverket.Ei stor undersøking på svenske babyar i fjor slo fast det same — der snudde berre ein av tolv vestar tilfredsstillande. Manglar dokumentasjon Både Forbrukarrådet og fleire stortingspolitikarar kravde i vinter at Produkt- og Elektrisitetstilsynet (PE) set i gang omfattande testar og forbyr dei vestane som ikkje held det dei lovar. Det er dei som har ansvaret for det offentlege tilsynet med slike fritidsvestar. Men slike tiltak er ikkje aktuelle, opplyser tilsynsdirektør Magnhild Sundli Brennvall.- Problemet er testmetodene - det går ikkje an å slå eit barn medvitslaust for så å sjå om det blir snudd i vatnet. Vi har difor ikkje dokumentasjon for at dei godkjente redningsvestane på den norske marknaden fell utanfor regelverket., seier Sundli Brennvall.- Kva slags dokumentasjon har de så for at dei tilfredsstiller krava?- Nei, slik dokumentasjon har vi heller ikkje, fordi det ikkje går an prøve ut dette skikkeleg.- Kva er i så fall verdien av desse snu-krava? Går det då an å stole på at vestane held det dei lovar?- Nei, det går ikkje an å stole på at vestane snur eit barn som fell i vatnet. Klede, sko og verforhold vil også påverke snueigenskapane. Difor må foreldra halde auge med barna, sjølv om dei brukar redningsvest. Ein vest er inga barnevakt. Uansett tryggare Ho oppmodar i staden foreldra om å setje seg grundig inn i korleis vesten dei har kjøpt fungerer.- Les bruksrettleiinga, prøv han ut i symjebasseng og bli kjent med eigenskapane vesten har, seier direktøren, som understrekar at redningsvestar uansett betrar tryggleiken kraftig. - Dei gir oppdrift, det er den aller viktigaste eigenskapen, seier Sundli Brennvall.Ho lovar også at tilsynet vil arbeide internasjonalt for å utvikle betre testprosedyrer og eit klarare regelverk som kan følgjast skikkeleg opp.- Dette er noko vi er svært opptatt av. Vi vil ta opp saka både i EU og samarbeide med Sverige og Danmark i dette arbeidet, seier direktøren. Les også: Overraska over tilsynet