• Redningsselskapet har på mange måtar hatt eit fryktregime. Åtvaringar og oppseiingar er brukt som middel mot dei som sa ifrå.

Dette seier konstituert generalsekretær Kjell L. Brevik i Redningsselskapet til Bergens Tidende.

Dette er også forklaringa hans på at tilsette i Redningsselskapet ikkje har våga å fortelje alt det dei visste om omfanget av snoking i privat e-post hjå dei tilsette.

Frykt

— Det er ingen tvil om at det har vore frykt for å stå fram med det ein visste. Dei tilsette har vore klar over at åtvaringar og oppseiingar er blitt brukt som reaksjonsmiddel, seier Brevik.

Brevik nemner at privat e-post vart nytta som ein del av grunnlaget då skipparen på redningsskøyta «Erik Bye» vart skvisa ut av jobben av Solås.

Skipparen er nå teken inn att i varmen og har fått jobben sin tilbake.

Måndag for ei veke sidan kom to tilsette i Redningsselskapet til Brevik og fortalde at dei hadde kjennskap til at lesing av privat e-post hadde hatt eit mykje større omfang enn det som tidlegare har kome fram. Begge har vore med på den gjennomgangen av e-post som Datatilsynet har avdekka.

Nytt regime

— Folk har etter kvart skjønt at her er det eit nytt regime, at dei kan kome til meg utan frykt. Takhøgda er heva, og det er lettare å snakke, seier Brevik.

— Eg festar full tillit til det dei har fortald. Dei ville lette skuldkjendsla ved å fortelje om kva dei visste men ikkje hadde våga å fortelje. Dei har teke omkostningane ved å stå fram med dette, seier Brevik.

Onsdag orienterte så Brevik styreleiar Magnus Stangeland om kva han hadde fått vite. Datatilsynet og politiet i Asker og Bærum er også orientert om dei nye opplysningane.

Suspendert

I går vart det kjent at styret i Redningsselskapet fann det naudsynt å suspendere den tilsette generalsekretæren, Monica Kristensen Solås. Det skjedde etter at ho kom tilbake etter knapt to månaders sjukemelding og insisterte på å ta opp att arbeidet. Vedtaket vart gjort med fire mot tre røyster.

Den formelle grunngjevinga frå styreleiar Magnus Stangeland, er at det har kome fram nye opplysningar om generalsekretærens snoking i privat e-post hjå tilsette i Redningsselskapet. Difor vart ho suspendert fram til neste måndag då styret på ny kjem saman.

Datatilsynet konkluderte i rapporten sin frå 3. oktober med at det hadde skjedd omfattande ulovleg lesing av e-post. Datatilsynet konkluderte også med at mykje privat e-post var gjennomgått og at det i all hovudsak var Monica Kristensen Solås sjølv som hadde stått for dette.

Snudde om

Stangeland har inntil nå stått på at privat e-post ikkje er opna og lesen, berre e-post relatert til Redningsselskapet. Han har avvist rapporten og konklusjonane frå Datatilsynet.

Men i går slo han heilt om.

— Eg har nå kome til at også privat e-post er lesen. Det har skjedd trass i forsikringar frå Monica om det ikkje var tilfellet. Dette er uakseptabelt og uetisk og er ikkje Redningsselskapet verdig. Eg er frykteleg skuffa, seier Stangeland til Bergens Tidende.

Må slutte

— Eg ser små utsikter til at ho kan halde fram som generalsekretær, legg han til.

Sidan laurdag har det vore forhandla med Kristensen Solås om ei «ordning».

Ho krev å få gå tilbake til jobben, og stiller seg heilt uforståande til kravet om at ho må ut. Ho forhandlar sjølv, ikkje ved hjelp av advokat.

— Nå skal samminga fram. Koste kva det koste vil. Vi skal lage eit miljø som er fullt akseptabelt og forsvarleg, seier Stangeland.

— Det er ufatteleg at ein liten organisasjon med 285 tilsette skal ha så mange personalsaker på så kort tid, seier Brevik.