Onsdag ettermiddag kunne den 73 år gamle hardhausen skrivast ut frå Nordfjord sjukehus med mindre brannskader etter å ha klamra seg fast i ripa på den overtente 27-fots sjarken med plastskrog.

— Brannen om bord spreidde seg så raskt. Det tok fyr i kjeledressen min da eg skulle sløkke. Det var berre å hoppe i vatnet, halde seg fast og håpe på hjelp, seier Nybakk til Bergens Tidende.

Ei hand og eit ansikt

Og hjelpa kom fram akkurat i tide, i form av Redningsselskapet sin båt i Måløy, «Simrad Ferder». Da alarmen gjekk om båtbrannen i havet nordaust for Kråkenes fyr, la mob-båten ut frå Måløy med tre frivillige for Redningsselskapet, fem brannmenn og ein politibetjent om bord.

Det var eit dramatisk syn som møtte dei røynde redningsfolka. Dei visste ikkje kven eller kor mange som var om bord i havaristen.

— Flammane stod høgt til værs, og båten var i ferd med å gå ned, fortel politibetjent Geir Olsen, som var med på utrykkinga.

— I sjøen ved akterenden av den brennande båten ser vi ei hand som held seg fast, og eit ansikt. Vi måtte styre baugen på vår båt rett inn i varmen, der brannfolka bøygde seg ned og inn i flammane og fekk tak i handa. Så greidde dei å få den forfrosne mannen om bord.

Frykta eksplosjon

Vel om bord i mob-båten stod Nybakk nokre sekund oppreist, så tok kulden tak og beina svikta under han.

— Men han greidde å fortelle oss at han var aleine om bord.

Og politibetjenten er sikker i si sak:

— Hadde ikkje Redningsselskapet stilt med den raske og smidige mob-båten, ville vi ikkje greidd å redde han. Han ville ikkje vore i live i dag, det er ikkje tvil i mi sjel, seier Olsen.

Og onsdag, dagen etter dramatikken, kunne den 73-årige fiskaren Åsmund Nybakk forlate sjukehuset der han hadde fått behandling for lettare røyk- og brannskader.

— Brannen starta i maskinrommet, truleg på grunn av ein laus eksosslange. Eg prøvde med pulverapparatet, men varmen spreidde seg alvorleg raskt, fortel fiskaren frå Raudeberg i Vågsøy.

— Eg hadde også ein bensintank om bord, og eg frykta at denne skulle eksplodere medan eg låg der i vatnet og klamra mg fast.

Tenker på selskapet

— Er du mykje skadd?

— Nei, nei. Eg har eit lite brannsår. Men det var dramatisk medan det stod på.

Som så mange andre blant folket på kysten har Nybakk vore frustrert over utviklinga i Redningsselskapet, og han gjer seg sine tankar rundt det som har skjedd.

— Eg er jo berre ein gammal fyr på nesten 74 år, og har vel ikkje så mykje eg skulle ha sagt. Men eg syns i alle fall dei kunne tatt ein av millionane frå ho Kristensen Solås og heller brukt pengane på den aktive redningstenesta ute på kysten, seier Nybakk, som meiner at både redningshelikopteret i Florø og Redningsselskapet sine fartøy er heilt uunnverlege.

Også politibetjenten som var med på aksjonen har tenkt litt på Redningsselskapet det siste døgnet.

— Uansett kva som skjer i organisasjonen, skal folk i alle fall vite at dei frivillige ute på grasrota gjer ein fenomenal jobb. At dei redda eit liv sist tysdag, er i alle fall hundre prosent sikkert, seier Geir Olsen, som til dagleg er stasjonert ved lensmannskontoret på Selje.

FLAMMEHAV OG ISVATN: Fiskar Åsmund Nybakk frå Raudeberg kan takke Redningssel-skapets «mann-over-bord-båt» i Måløy for at han ikkje omkom på sjøen denne veka. Onsdag varthardhausen skriven ut frå sjukehuset i Nordfjord. FOTO: ØYSTEIN TORHEIM