• Styremedlemer som sit i leiarstillingar i andre selskap, kan vere freista til å gje leiarar rause vilkår for å lette trykket mot eigne gullkanta ordningar.

Dette seier den tidlegare direktøren i Folketrygdfondet, Tore Lindholt.

— Eg er blitt meir og meir overtydd om at opsjonar er dårlege ordningar. Det er stor fare for at leiarar som har slike ordningar, kan la eigne private økonomiske interesser få innverknad på disposisjonar i selskapet, seier Lindholt. Han var i mange år direktør for Folketrygdfondet som er storinvestor i norsk næringsliv.

- Heilt urimeleg

— Folk blir lett kortsiktige i tenking og i sine disposisjonar. Dessutan kan slike opsjonsordningar gje heilt urimeleg store vinstar når inngangsprisen er låg og kursen stig fordi det er ein generell kursoppgang på børsen, utan at det treng å ha noko med innsatsen å gjere, seier Lindholt.

Lindholt seier at det største problemet med mange av opsjonsordningane er at dei gjev belønning for den alminnelege kursoppgangen i oppgangsfasar på børsen.

— Dei tillet at leiarar snur seg rundt og sel aksjar samstundes med at dei kjøper. Det inneber at dei eigentleg ikkje tek nokon eigarrisiko. Det er heilt risikofritt for dei.

Det vi diverre har sett mange døme på er at selskap der aksjekursen aukar sterkt i oppgangstider, kjem opp i store problem når nedgangstida set inn. Då har leiarane håva inn medan dei langsiktige aksjonærane risikerer å bli påførd store tap. Det er ikkje slik belønningsordningane skal fungere, seier Lindholt.

Lydhøyre styre

Han skil mellom tre hovudgrupper av børsnoterte aksjeselskap.

Den eine er eit selskap med veldig spreidd eigarstruktur utan dominerande eigarar. Investorane er i hovudsak finansielle som er mest opptekne av aksjekursen. Her har styre og administrasjon nokså frie hender.

— Med store private eigarar vil ofte situasjonen for styra bli annleis. Slike eigarar vil gjerne ha ei meining om drifta. Styret i eit slikt selskap vil vere rimeleg lydhøyr overfor eigarane. Og i slike selskap vil eigarane gjerne ha eit nøkternt forhold til bruk av opsjonsordningar.

«Kultur» mot staten

— Så har vi dei selskapa der staten er stor eller dominerande eigar. Det har utvikla seg ein kultur som går ut på at staten ikkje bør blande seg inn, så der kan ein sjå bort frå synspunkt staten måtte ha.

— Det er sjølvsagt heilt legitimt at eigarane, også staten, har meiningar om korleis leiarane i eit slikt selskap skal vere løna. Det gjeld både løn, bonus og opsjonar.

— Staten som eigar bør ikkje blande seg bort i selskapet sine disposisjonar i småsaker. Men staten bør, særleg når han er majoritetsaksjonær, ha meiningar om viktige strategiske val og disposisjonar.

— Ein statsråd som representant for eigaren bør vere forsiktig med kva han seier om selskapsleiinga fordi det har eller kan ha konsekvensar for styre og leiing. Heilt annleis er det med stortingsrepresentantar. Dei kan ha meiningar, men er utan ansvar i motsetnad til statsråden, seier Lindholt.

- DÅRLIG ORDNING: Tore Lindholt, tidlegare mangeårig direktør i Folketrygdfondet, syng kraftig ut mot gullkanta opsjonsordningar og mot ein «kultur» som går ut på at styra i statsdominerte selskap ikkje treng ta omsyn til staten som eigar.
Poppe, Cornelius