• Lyntog er ekstremt kostbart og svært øydeleggjande for miljø og klima, meiner Idar Mo.

– Vi kan redusera flytrafikken minst like mykje ved å bygga motorvegar for hundre milliardar kroner som å bygga høgfartsbaner for tusen milliardar, seier samferdslestatistikar Idar Mo i Sogndal.

Miljøbløff Eit høgfartstog er ein stor energislukar, og det nyttar ikkje å hevda at elektrisk kraft er miljøvenleg. Berre to prosent av straumen i verda er laga av vasskraft. Kvar einaste kilowattime som lyntoget bruker, kunne vore brukt til noko anna, og må erstattast av ein kilowattime produsert på annan måte. Det verda har mest ressursar av, er kol, forklarer Mo.

– Så straumen som toget bruker, må reknast som produsert ved eit kolkraftverk, sjølv om den er henta frå vasskraft?

– Nettopp. Vi brukar av dei globale energiressursane. Så lenge vi ikkje har nok «rein» energi, må vi ty til energiformer som er til skade for miljø og klima. Di meir vi sløser med vasskrafta vår, dess meir CO2 går i lufta globalt. Og det er det globale som tel, presiserer han.

Pengesluk Idar Mo har gjort seg landskjend ved å hevda at jernbane ikkje egnar seg til persontrafikk. Kostnadene er for store og produksjonen for låg. Storbyane har kuppa det nasjonale jernbanenettet til statssubsidiert transport av pendlarar. Det er gale her i landet, men enda verre mange stader nedover i Europa, der viktig gods kan bli ståande i vekevis før det slepp gjennom.

– Dette blir enda verre om farten aukar og det blir bygt ny og rådyr infrastruktur, seier Mo.

– Du trur ikkje på dei som hevdar å kunne driva lyntog lønsamt?

– På ingen måte. Det tek ikkje lang tid før pendlarane blir uvillige til å betala full pris for arbeidsreisene sine, og staten må inn med subsidiar.

Altfor få nordmenn

Sjølv i land med tett busetnad vil høgfartstog gjera lite av transportarbeidet. EU ser på sine planar som svært ambisiøse. Dei planlegg å ha 9000 km høgfartsbane i 2020. Ut frå folketalet tilsvarar dette 80 km i Noreg. Det har vi allereie bygt, mot Gardermoen og Drammen, påpeikar Mo,

– Kven seier at Noreg er ei sinke på lyntog? ironiserer han.

– Men er det noko løysing å legga ned persontrafikken på jernbanen?

– Det er ei god løysing. Då kan jernbanen brukast til godstrafikk. Gøteborg er einaste framtidshamna i Norden. Herifrå må godset distribuerast til alle landsdelar. Vi får rydda vogntog bort frå hovudvegane, der dei ofte er innblanda i trafikkulykkene som kostar samfunnet 30 milliardar kroner i året.

Ekspressbussar – Så er det berre å pøsa på med privatbilar?

– Slett ikkje. 1800 ekspressbussar gjer grøvste jobben med passasjertrafikken. Sjølv om dei berre er halvfulle, vil dei «produsera» 15 milliardar personkilometer, mot NSB sine 2,5 milliardar i dag.

80 prosent av oss bur i gangavstand frå ein riks— eller stamveg. På ein firefelts motorveg med fartsgrense 110 km/t kan bussane halda nær 70 i gjennomsnitt, og gjera unna strekninga Bergen – Oslo på ned mot tre timar. Det føreset ny ekspressveg der det er kortast, over Haukeli.

– Meiner du at buss har større kapasitet enn tog?

– Opptil tre gonger så stor. Dei som seier noko anna, samanliknar ulike storleikar; tog på eigen skinnegang mot buss på vegar med tett trafikk. Leddbussar i eigne køyrefelt blir noko heilt anna.

– Men 1800 bussar i døgndrift treng 6000 sjåførar ...

– Jernbanen har tusenvis av tilsette som brøyter og held skinnegang og straumleidning ved like. Milliardane trillar i statsbudsjettet. Derimot er vegane overfinansierte av avgifter på bilar, drivstoff og vegbruk (årsavgift og bompengar).

Global makrotenking Idar Mo trur at flytrafikk, privatbilisme og kjøteting vil minka kraftig om nokre år. Verda har dyrkingsareal til vegetabilsk føde for 11 milliardar menneske. Vi er no 6,5 milliardar, og passerer truleg åtte milliardar rundt 2030. Snart har vi ikkje areal til å gå vegen om kjøtproduksjon, langt mindre «dyrka» drivstoff.

– Fleire hundre millionar indarar og kinesarar skal over i vår matskål. Om 20 år har dei same kjøpekraft som du og eg. Matprisane vil stiga kraftig. I hushaldningsbudsjetta må vi prioritera mat og varme framfor sydenturar og bilbruk. Mange familiar vil ikkje lenger ha råd til å halda bil.

– Har du alltid vore pessimist?

– Den merkelappen fekk eg alt i 1972, då eg i Dag og tid spådde CO2-problem fordi fossil brensel er for billeg. Det ville ikkje bli forska nok på atomfusjon og andre moteord den gongen. Men vert mennesket mindre lykkeleg av å køyra mindre privatbil, og eta meir vegetarmat? Er det så gale om ein ser løver på TV i staden for å fly til Afrika? Vi får stadig nye, billege former for kommunikasjon, poengterer Mo.

At han er jernbanehatar, vil han ikkje godta.

– Jernbane er framifrå, men må brukast til det den er god til; godstransport. Passasjertrafikken må bort, så godset kjem fram, seier han og minner om at meir enn 70 prosent av det globale transportarbeidet må utførast av skip, relativt saktegåande av omsyn til klimaet.

NEI TIL LYNTOG: Idar Mo går inn for ekspressbussar i staden for passasjertog, og meiner lyntog blir ei kostbar miljøbombe.