Ordninga blei innført på slutten av 1990-talet, fordi ein såg at folk som var sjukmelde for enkle lidingar måtte venta lenge på behandling. Ved at trygdeetaten i staden kjøpte tenester til pasientar slik at vedkommande kunne behandlast i løpet av kort tid, fekk ein dei sjukmelde raskare ut i jobb — og staten sparte pengar.

Fleirtalet av stortingspolitikarane meiner i revidert nasjonalbudsjett at helsekøane har blitt så korte etter at det blei innført fritt sjukehusval at dette tiltaket ikkje lenger er nødvendig. Overføringane blei kutta, og trygdeetaten avskaffa ordninga denne veka.

Ikkje kortare ventetid

Men for dei psykisk sjuke er køane framleis lange.

— Det er lange ventelister for psykologtenester, og når denne ordninga no blir fjerna må enkelte venta endå lenger på å få koma til. Og i verste fall må dei dekka alle kostnadene sjølve, seier Trond Kvaleid, som er rådgjevar i Arsana AS. Selskapet leverer HMS-tenester til private og offentlege verksemder i Hordaland.

Fungerande generalsekretær i Mental Helse Norge, Mette Kammen, stadfester dette.

— Me har ingen indikasjonar på at det har blitt lettare å koma til hjå psykolog etter at det blei fritt sjukehusval. Mange ringjer oss og er fortvila over at dei må venta så lenge på å få hjelp.

Flest psykisk sjuke

I Hordaland har det den seinare tida vore ei overvekt av sjukmelde med psykiske plager som har fått dekka utgiftene til behandling. Av dei 185 sjukmelde som så langt i år har blitt kjøpt ut av helsekøen hadde 111 psykiske lidingar.

Mental Helse Norge si erfaring er at sjukmelde med lettare psykiske lidingar kan koma raskt tilbake i jobb dersom dei blir høyrt med ein gong dei søkjer hjelp.

— For personar med mindre depresjonar er det ikkje alltid så mykje som skal til. Ofte er det nok at nokon tek pasienten på alvor, og har tid til å høyra på kva vedkomande slit med. Jo lenger ein pasient må venta på hjelp, jo tøffare blir det å koma tilbake i jobb. Eg oppfattar dette som nok eit teikn på at psykiske lidingar ikkje blir tatt på alvor, seier Kammen.

Seniorrådgjevar Ole Alexander Opdalshei i Rikstrygdeverket seier til BT at trygdeetaten ikkje brukte alle midlane som var sett av til ordninga i fjor. Dette var også litt av grunnen til at overføringane blei kutta heilt i revidert nasjonalbudsjett. Opdalshei vil ikkje gå nærmare inn på kva konsekvensar dette kan få for dei det gjeld.

— Me må forholda oss til rammene me har fått og gjera det beste ut av det. Me ser at pasientkøane har blitt kortare i år, og må no arbeida aktivt for å utnytta dette slik at fleire sjukmelde kjem ut i jobb. Særleg er det viktig å sikra at personar med psykiske lidingar får behandlingstilbod, seier Opdalshei.