— Ingenting tyder på at kronisk utmatting er ei psykisk liding, seier doktorgradskandidat Bjarte Stubhaug ved Institutt for klinisk medisin i Bergen.

Stubhaug, som er spesialist i psykiatri og fagsjef for Psykiatrisk divisjon i Helse Bergen, har forska på kronisk utmattingssyndrom, også kjent som ME eller CFS.

Sjukdommen er omstridd og mykje omtalt, og fagmiljøet usamde om tilstanden har nevrologiske, psykologiske eller andre årsaker. Men Stubhaugs funn viser ingen samanheng mellom kronisk utmatting og personlegdomsforstyrringar.

— Dette er overraskande. Tidlegare forsking har oftast funne overhyppigheit av personlegdomsavvik, seier han.

Store helseplagar

Pasientar med CFS eller ME blir uforklarleg utmatta, har store helseplager og dårleg livskvalitet. Symptoma er mange og varierande.

Gjennom fem år har Stubhaug følgt og behandla sytti pasientar i haugesundsområdet, og samanlikna dei med tusen pasientar med andre diagnosar. Halvparten av pasientane hadde symptom på lett depresjon då Stubhaug gjekk i gang med prosjektet.

— Men dette kan oppfattast som ein reaksjon på å ha kroniske plager. Fem år seinare hadde berre fem prosent slike symptom, seier han.

Likevel påverkar både fysiologiske og psykologiske faktorar sjukdomsutviklinga.

— Kropp og sinn kan ikkje skiljast. Å tenkje seg det eine utan det andre, er fåfengt. Kroppen reagerer på kvar einaste tanke og kjensle. Det er aldri anten eller, alltid både og.

Vond spiral

Stubhaugs funn styrkjer synet på tilstanden som ein funksjonell sjukdom i sentralnervesystemet.

— Ein kan tenkje seg at nervesystemet er blitt oversensitivt gjennom ulike prosessar. Startpunktet kan vere ein infeksjon, betennelse eller fysisk skade, forklarar Stubhaug.

Kroppen sender signal til hjernen, og det oppstår ein reaksjon. Nervesystemet blir sensibilisert, og reagerer sterkare og sterkare på utmatting, kvalme, smerter og svimmelheit.

— Så tilstanden er sjølvforsterkande?

— Ja, det blir ein vond spiral. Mange som får kroniske plager reagerer med å kjenne seg oppgitt, fortvilte eller hjelpelause, og dette fører ofte til forverring av stresstilstanden i kroppen.

Behandling nyttar, viser Stubhaugs studie. Mest effektivt er ein kombinasjon av psykologisk og medisinsk behandling.

  • I løpet av fem år viser halvparten av pasientane god klinisk betring, uavhengig av tidlegare behandling.
  • Pasientar med rask sjukdomsstart og mest utmattingsplager i første fase har dårlegare prognose.Ein tilstand, mange namn

Kronisk utmattingssyndrom er blitt omtalt som ein motediagnose. Stubhaugs kommentar til det er «både ja og nei».

— Tilstanden har vore kjent som neurasteni gjennom hundre år, og var ein svært populær diagnose rundt 1900. Men diagnosen vart brukt altfor breitt og for altfor mange symptom, og vart øydelagt, fortel han.

Sidan har tilstanden hatt mange namn, blant andre jappesjuke og Gulf War Syndrome. I dag er CFS og ME rådande.

— Tilstanden har vore kjent i lang, lang tid, og får stadig nye namn. Men ingenting tyder på at det er noko nytt. Same sjukdom, nye namn. Gammal vin på nye flasker, seier Stubhaug.

Rune Berentsen