Prisauken for einslege er høvesvis mykje større enn for par, uttalar Agnes Husbyn, forbundsleiar for einslege. Ho nyttar høvet til å slå eit slag for kravet om eit eige skattefrådrag for einslege, som ein kompensasjon for meirutgiftene på alle baugar og kantar.

— Alternativet til dei endringane som no kjem på nattoga, er å fjerna heile nattogtilbodet i Noreg, seier informasjonssjef Åge-Kristoffer Lundeby i NSB Persontrafikk til Bergens Tidende.

Han vedgår at dei billegaste nattog-løysingane blir borte, men grunnen er at berre dei eldste vognene har kupear med tre køyer. Desse vognene er rundt 50 år gamle, og overmogne for utskifting.

— Ingen kan heretter kjøpa køyeplass til 125 kroner i ein trekøys sovekupé. Kupéane har maksimalt to køyer. I det nye systemet kjøper du billett til kupéen, og du bestemmer kven som eventuelt skal sova i ledig køy.

— Du treng ikkje vera gift med vedkomande?

— Nei, NSB legg seg ikkje borti kor godt personane i kupeen kjenner kvarandre. Det kan godt vera to einslege.

Lundeby innser likevel at den nye ordninga er meir praktisk for par. For å få billegaste køyeplass har dei til no måtte innretta seg etter reglane om dame- og herrekupéar, og risikerer å dela kupé med ein eller to vilt framande. I den nye ordninga finst det ikkje noko billegare enn ein kupé for to.

Einslege må ta bryet med å skaffa seg ein reisekamerat å dela utgiftene med. For familiar er nyordninga ugunstig dersom talet på familiemedlemer er eit oddetal.

Soveplassavgifta er frå sundag sett til 750 kroner. Det er ein kraftig auke frå tidlegare minstepris på 125 kroner, men svært mange betalte ekstra for køy i nyare og mindre skranglevogn med ei eller to køyar i kupéen. Og den nye avgifta kan altså halverast til 375 kroner dersom du har nokon å dela kupé med.