— Vi er ikkje hundre prosent fornøgde, men ein del er bra. Forliket er eit prestisjenederlag for statsråd Kristin Clemet, seier Endre Brunstad til BT.

Nynorsk er sidemål for 85 prosent av elevane, og Brunstad er nøgd med at stortingskomiteen presiserer at sidemålet framleis skal vere obligatorisk, med eigen karakter på vitnemålet. Han er også glad for dei nasjonale prøvane, og for at opplæringa i sidemål skal bli betre.

Samstundes meiner Brunstad at det er svært problematisk at sidemålet vert gjort om til trekkfag på vidaregåande, og at skulen ikkje lenger skal stille krav på same måte i hovudmål og sidemål.

— Men vi er glade for at Stortinget har avvist Clemet sine forsøk på å undergrave den språklege jamstellinga i landet. Målrørsla har spelt ei viktig rolle i denne prosessen, og arbeidet vårt har ført fram, seier Brunstad.

— No er det viktig at det blir ro om statusen til sidemålet, og at det blir gjort medvite arbeid for å betre opplæringsmetodane i sidemål.