Stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen (biletet), helsepolitisk talsmann i Ap, er rysta over oppslaget i BT i går om konsekvensane av sjukehusreforma, slik dei kjem til uttrykk i SINTEF-rapporten.

Kristoffersen meiner politikarane har forsømt seg ved at vi her i landet ikkje har hatt ein prioriteringsdebatt.

— Vi har vore unnfallande. Legane har få eller ingen retningsliner å halde seg til. Det opnar for store og nærmast tilfeldige variasjonar. Dette er eit ansvar Helsedirektoratet må dele med oss politikarar, seier Kristoffersen.

Ifølgje ham er eit arbeid i gang for å lage ein norsk standard for god medisinsk behandling. Det vil gje eit medisinsk kvalitetsregister som blir kjelde for alle sjukehusa når ein skal prioritere.

— Det som kom fram i BT i går om tilfeldige utslag av sjukehusreforma, bør ikkje overraske nokon. Vi har gjennom fleire år fremja forslag om å utarbeide ein nasjonal helseplan, men utan å få støtte av Ap. Ein slik plan ville innehalde klare prioriteringar. Det er hyggeleg at Ap nå ser at det er behov for tiltak her, seier SV-representanten Audun Lysbakken.