Helikopteret hadde vore på eit rutinemessig oppdrag frå Longyearbyen, og hadde frakta tre personar til ein sambandstasjon på andre sida av Adventfjorden. Det var på returen at noko skjedde litt før klokka 0830, og Bell 212-maskina ligg no knust i isen mellom Hiorthavn og basen den var på veg tilbake til.

Begge dei skadde er under legebehandling i Longyearbyen, og det skal vere snakk om moderate brotskader.

Brukbare forhold

— Det var brukbare forhold da ulykka skjedde, opplyser Airlift-direktøren til bt.no.

— Utover dette ønskjer eg ikkje å kommentere noko rundt årsak og liknande. Vi konsentrerer oss no om å varsle pårørande og øvrige tilsette.

Slapgard fortel at begge pilotane er svært erfarne flygarar som er fast stasjonert på Svalbard, der Airlift har hatt kontraktsflyging for sysselmannen sidan 1996. Det var Airlifts andre helikopter på Svalbard, ein Super Puma, som fann den havarerte maskina berre få minuttars flytur frå flyplassen. Dei to pilotane skal da ha klart å ta seg ut av vraket ved eiga hjelp.

Airlift har hatt fleire ulykker med sine helikopter, både på Svalbard og ved flyging på fastlandet i Norge:

Ulykkene

  • 8. mars 1996 havarerte eit Airlift-helikopter på isen i Widjefjorden på Svalbard. Ingen miste livet eller kom alvorleg til skade, men havarikommisjonen kom med hard kritikk mot dei to flygarane for manøvreringa i forkant av ulykka.
  • 14. oktober 1996 omkom fire personar då eit ambulansehelikopter frå Airlift traff ein høgspentleidning ved Vevring i Førdefjorden i nattemørket.
  • 24. april 1998 omkom ein person og ein vart alvorlig skadd, da et Eurocopter AS 350 frå Airlift havarerte på Tvindehaugen 10 kilometer frå Tyinkrysset i Oppland fylke.
  • 6. november 2000 omkom to personar og to vart skadde då eit helikopter frå Airlift styrta ved Låghellernuten på Hardangervidda.

Høgare risiko

Slapgard meiner bestemt at selskapet Airlift, med hovudbase i Gaular i Sunnfjord, har tatt dei nødvendige grepa i etterkant av desse ulykkene.

— Airlift har operert innan eit stort og vidt område på helikoptersida, og det er klart at flyging på Svalbard ofte inneber ekstreme og vanskelege flyforhold. Dermed er det klart at vi også generelt snakkar om eit høgare risikonivå enn normalt, seier Slapgard, som poengterer at selskapet har svært høg fokus på kvalitet og tryggleik.

— Vi evaluerer med jamne mellomrom verksemda vår i samarbeid med sysselmannen sine folk, og har etablert eit system for kvalitetsikring som gjer at vi føler oss rimeleg trygge, seier administrerande direktør Bjarne Slapgard i Airlift.