Tidlegare stabssjef i Forsvarets Overkommando, viseadmiral Leonhard Revang, oberst Arnold Schytte Blix og brigader Erik Engestøl meiner alle at dei påståtte brota på reglane om dokumentsikring, ikkje kan grunngje oppseiinga av avdelingsdirektøren.

Dei var alle tidlegare sjefar for avdelingsdirektøren.

— Forsvarsdepartementet driv nå rein desinformasjon for å forsvare seg. I går serverte pressetalsmannen i Forsvarsdepartementet direkte feilopplysningar - for ikkje å bruke ordet løgn, seier advokat Erik Fredum til Bergens Tidende. Han er advokat for den oppsagte avdelingsdirektøren.

- Heilt ukorrekt

Pressetalsmann Martin Lohne hevda i eit innlegg i Aftenposten at den oppsagte avdelingsdirektøren hadde fått tilbod om «plassering i adekvat stilling inntil oppsigelsessaken er endelig avgjort».

— Dette er heilt ukorrekt. Realiteten er faktisk den motsette. Hausten 2000 var det eit voldsomt styr for å la klienten min få ein arbeidsplass, eit kontor. Det gjekk til slutt etter tre kvart år, men han fekk ingen arbeidsoppgåver. I juni i fjor gjekk departementet til retten for å få ei avgjerd om at klienten min skulle fråtre straks, seier Fredum.

- Ikkje rett

— Pressetalsmann Lohne serverer også ein påstand om at det er «registrert 31 brudd på reglene om dokumentsikkerhet». Det er heller ikkje rett. Denne påstanden vart aldri framførd av regjeringsadvokaten i retten, og den er heller ikkje brukt av regjeringsadvokaten i ankeerklæringa, seier Fredum og held fram:

— I retten gjorde regjeringsadvokaten gjeldande at saka galdt 6-7 brot på regelverket i 1998-99. Det er rett nok så at det har vore påstand om 31 brot, men reint faktisk er 27 av desse motbevist i retten gjennom «omvendt bevisbyrde». Det er dokumentert at det aller meste av dette var reine mistydingar og ikkje brot.

Viseadmiral Leonhard Revang var stabssjef i Forsvarets Overkommando i fem år og den som var ansvarleg for tilsetjinga av avdelingsdirektøren.

- Ville aldri fått jobben

— Dersom det hadde vore nokon merknader eller noko å kritisere mannen for tryggingsmessig, hadde han ikkje fått jobben. Eg høyrde ingenting då og heller ikkje i dei fem åra eg sat som stabssjef at det skulle vere noko å kritisere avdelingsdirektøren for, seier Revang til Bergens Tidende. Han arbeider i dag som rådgjevar på fregattprosjektet hjå Mjellem & Karlsen i Bergen.

Revang opplyser at han kjenner avdelingsdirektøren godt. Dei hadde mykje med kvarandre å gjere då avdelingsdirektøren tidlegare var hovudtillitsvald for fagforeninga si under arbeidet med omstillingar i Forsvaret.

— Eg er overtydd om at noko må ha skjedd, men eg vil ikkje spekulere i kva, som har førd til at nokon yngste avdelingsdirektøren vekk, seier Revang.

Revang seier at rapportar om mogelege brot på reglane for dokumenttryggleik, må gjelde småting. Det kan ikkje vere snakk om alvorlege brot.

— Uansett behandlar du ikkje ein mann som har arbeidd i Forsvaret i meir enn ein mannsalder slik som det har skjedd her. Det er ei personalbehandling heilt bak mål, seier Revang.

- Bagatellar og mistydingar

Brigader Erik Engestøl var sjef for den oppsagte avdelingsdirektøren i ni år. Han seier at det er rett at det vart levert ein god del rapportar om mogelege brot.

— Men det aller meste var dels mistydingar, dels heilt bagatellmessig eller grunnlaust. Alt var relativt lågt gradert. Andre hadde tilsvarande mengde rapportar på seg, seier Engestøl.

— Kva trur du då er grunnen til at avdelingsdirektøren vart sparka?

— Dette skjedde etter mi tid. Formelt er det rapportane, men det dekker ikkje realitetane. Eg har oppfatningar av kva som er den eigentlege årsaka, men det vil eg halde for meg sjølv.

— Kan den eigentlege årsaka, slik du ser den, gje grunnlag for å sparke avdelingsdirektøren?

— Nei.

Fakta om oppseiingsstriden

  • I 1999 vart ein avdelingsdirektør i Forsvarets Overkommando fråteken tryggingsklareringa si. Deretter vart han oppsagt etter 37 års teneste i Forsvaret og Forsvarsdepartementet.
  • Han klaga saka inn for Stortinget sitt kontrollutval for dei hemmelege tenestene. EOS-utvalet har kritisert departementet i begge dei siste årsmeldingane for handteringa av saka.
  • Utvalet har kome med ny og skjerpa kritikk mot departementet etter at årsmeldinga for 2001 vart levert rett før påske.
  • Men forsvarsminister Kristin Krohn Devold har, gjennom det ho har sagt, vist at ho avfeiar kritikken.
  • Stortinget er nå i innspurten med behandlinga av denne saka.