Hagen vart i fjor haust vald som visepresident med 132 røyster. 25 røysta blankt medan ein representant røysta på ein kandidat som ikkje var lansert. Men det er ikkje gitt at han blir attvald til hausten.

Hagen sine utfall knytt til statsborgarskapen til tidlegare UDI-direktør, Manuela Ramin-Osmundsen, er eitt av dei forholda som har vekt kvasse reaksjonar. Fleire politikarar, med utanriksminister Jonas Gahr Støre i spissen, har stempla utsegnene som «på grensa av rasisme».

Skattegransking

Så kom saka om pengebruken i Frp si stortingsgruppe. Det er nå klart at Oslo likningskontor har igangsett gransking der spørsmål om skatteunndraging vil stå sentralt.

Overfor Bergens Tidende blir spørsmålet reist om Stortinget kan halde seg med ein visepresident som er under skattegransking, ei gransking som kan pågå lenge.

Torstein Moland vart i si tid fjerna som sentralbanksjef då han saman med fleire andre kom i skattevesenet sitt søkelys.

— Eg forstår at spørsmålet blir reist, men har ikkje lyst til å kommentere det, seier parlamentarisk nestleiar i Ap, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, til Bergens Tidende.

- Har skuffa veldig

— Hagen har som visepresident skuffa meg veldig. Eg hadde trudd at han hadde ein dimensjon som han ville utnytte når han kom i presidentskapen. Det har vi ikkje sett noko til. I staden har han nytta vervet til å kome med lettvinte utspel, i kjent gamal stil, seier Venstre-leiar og parlamentarisk leiar, Lars Sponheim, til Bergens Tidende.

— Hagen er klart meir kontroversiell som visepresident nå enn då han vart vald, seier Sponheim.

— Hagen overgjekk komiske Ali då han søkte å framstille utspelet i Ramin-Osmundsen-saka nærmast slik at han hadde snubla over lovsamlinga som slo seg opp på Grunnlova, seier Sponheim.

— På den andre sidan har Thorbjørn Jagland imponert meg i måten han utfører presidentvervet. Han har vist ein ny dimensjon og vitalisert presidentrolla, seier Sponheim.

- Avstanden til Frp auka

— Carl I. Hagen har med sine absurde utfall i Ramin-Osmundsen-saka auka avstanden mellom Frp og alle dei andre partia på Stortinget. Han har gjeve ny næring til grunnlaget for alle dei spørsmåla som tidlegare vart stilt om Hagen kunne representere Stortinget på ein verdig måte, seier parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, til Bergens Tidende.

Ho vil ikkje vere med på å felle nokon førehandsdom knytt til skattegranskinga.

— Men la meg seie det slik ut frå det som har hendt i denne sesjonen: Det må vere på sin plass at vi har ei open drøfting i stortingsgruppa av om vi vil ha ein visepresident med dei haldningane Hagen ope forfektar, seier Kleppa.

— Frp har som varemerke å nøre opp under framandfrykt. Hagen bør tenkje over konsekvensane av at Frp som nest største parti i landet, fremjar slike haldningar, seier Inge Ryan som er parlamentarisk leiar i Frp.

— Då Hagen påtok seg jobben som visepresident, var det klart at det førde med seg eit visst ansvar og plikter for korleis han kunne opptre. Han bør tenkje gjennom dette på ny, seier Ryan.

AUKA AVSTAND:¿ Carl I. Hagenhar med sineabsurde utfall iRamin-Osmundsen-sakaauka avstandenmellom Frp ogalle dei andrepartia påStortinget, seierparlamentariskleiar i Sp,Magnhild MeltveitKleppa.ARKIVFOTO: CORNELIUSPOPPE, SCANPIX