Dersom du har tatt keisarsnitt, er det tolv prosent mindre sannsynleg at du føder fleire barn, enn om du har født på normal måte. Dette kjem fram i ein ny, norsk studie av nær 600.000 fødslar, som nyleg er publisert i eit internasjonalt tidsskrift.

Forklaringa er truleg ikkje at det er spesielt problematisk å bli gravid etter eit keisarsnitt. Mange orkar ofte ikkje tanken på endå ein fødsel som kan ende på operasjonsbordet.

– Våre funn tyder på at dette er eit val som foreldra tar sjølve, seier stipendiat Mette Tollånes ved Institutt for samfunnsmedisin i Bergen.

– Er dette overraskande?

– På eit vis. Keisarsnitt blir ofte framstilt som noko lettvint, greitt og kjapt, men kan vere ei stor belastning for kvinnene.

– Nær døden-oppleving

På nettstaden barnimagen.com er keisarsnitt ein gjengangar på diskusjonsforumet.

– Mange som har tatt keisarsnitt, synest at fødselsopplevinga var så smertefull at dei ikkje orkar å utsette seg for det fleire gonger, fortel redaktør og jordmor Siri von Krogh.

– Å ta hastekeisarsnitt er ei tøff oppleving. Det kan stå om livet til mor og barn, og for nokre kan det opplevast som ei nær døden-oppleving.

Siri von Krogh er ikkje overraska over at mange som har vore gjennom eit keisarsnitt veljer bort fleire barn.

– For tjue-tretti år sidan kunne ikkje ei kvinne seie at «eg hadde ein så tøff fødsel at eg ikkje orkar å få fleire barn». Folk har ei heilt anna innstilling i dag, og det handlar ikkje lenger om å få barn for einkvar pris. Det er bra. Kvinner er blant anna opptekne av at kroppen skal fungere etterpå.

Debriefing viktig På Kvinneklinikken i Bergen har talet på keisarsnitt svingt mellom ti og tolv prosent i mange år. Forrige gjennomgang i 2003 viste at fødselsangst stadig er den viktigaste årsaka til keisarsnitt.

– Verken KK eller andre stader er det slik at kvinner kan velje om dei vil ha keisarsnitt. Alle operative inngrep krev gode grunnar, og fødselsangst kan vere ein slik grunn, seier klinikksjef Per E. Børdahl.

I media blir keisarsnitt ofte framstilt som eit bagatellmessig inngrep, men for mange blir det ei traumatisk oppleving.

– Eit akutt keisarsnitt blir ofte opplevd som veldig ubehageleg. Det tek til som ein vanleg fødsel, men plutseleg skjer det noko som gjer at legane må gripe inn. Foreldre får som regel forklaring først i ettertid.

Børdahl har ikkje sett den nye studien, og seier han er litt overraska over funna.

– Men ved eit akutt keisarsnitt er det ei stor utfordring for fødeavdelingane å forklare ordentleg kva vi gjer og kvifor. Årsaka treng ikkje vere dramatisk, men det som har skjedd kan likevel virke skremmande for pasienten.

Kva synest du om saka? Sei di meining her.