VIDAR YSTAD

Oslo

Bondevik sin pressetalsmann, statssekretær Gunnar Husan, gjer det klart overfor Bergens Tidende at Bondevik ikkje ynskjer å uttale seg om kritikken.

Men det gjer den parlamentariske leiaren i Høgre, Oddvard Nilsen.

Bondevik vart skulda for å vere arrogant, nedlatande og spydig. Kritikken vart framførd av tre Sp-representantar som var medlemer av Bondevik si første regjering, av SV-leiaren og av stortingsrepresentant og tidlegare statsråd Trond Giske.

«Arresterer» Ap

— Dei må slutte å sutre. Det er ikkje arrogant å påpeike at premissane i spørsmåla er feil og at den som spør må vite betre, seier Oddvard Nilsen til Bergens Tidende.

Nilsen meiner å kunne «arrestere» Ap-leiar Jens Stoltenberg for å ha hevda i spørjetimen onsdag at Ap har vore for den friskulelova som galdt frå 1985 og fram til lovendring i fjor.

— Det er ikkje rette. Bondevik påpeika at Ap i 1994 gjekk inn for å nekte Montesorri-skulane godkjenning, seier Nilsen.

- Ikkje arrogant

  • Vidare hevda SV i spørjetimen gjennom ei lang rad spørsmål at det skulle vere fare for at eigarane av friskulane vil kunne ta ut profitt frå skuledrifta. Men dagens lov forbyr dette. Det vart påpeika av statsministeren, gong på gong etter kvart som spørsmåla og premissane vart gjentekne. Det må statsministeren ha full rett til utan at han skal bli skulda for å vere arrogant, seier Nilsen.

Nilsen meiner SV-leiar Kristin Halvorsen, som i går kritiserte Bondevik i BT, sjølv er å kritisere for å ha omtala Bondevik som «naiv» i Stortinget.

— Dessutan avbraut ho statsministeren under eitt av svara hans. Det er heller ikkje akseptablet, seier Nilsen.

Nilsen meiner kritikken mot Bondevik nå er ei form for taktikk:

— Opposisjonen er rett og slett dårleg førebudd og tek det igjen på denne måten når åtaka gjennom spørsmål ikkje fører fram. Mi oppfordring til opposisjonen er at dei førebur seg betre. Dei bør ha litt meir enn eitt spørsmål å stille før dei går i salen i staden for å gjenta det same spørsmålet til statsministeren fem gongar. Då vil dei ha eit litt større register å spele på. For slik dei opptrådte onsdag, var det ikkje særleg imponerande.

Kjenner ikkje Bondevik att

  • Dette har ingenting med sutring å gjere. Vi prøver å konfrontere dei som sit med makta med dei realitetane vi ser. Det er viktig, og det er jobben vår. Og det må vi kunne krevje respekt for, seier Rune Skjælaaen (Sp) Hordaland.

I fjor opplevde han sjølv ei overfusing frå Kristin Clemet som resulterte i at fleire greip ordet i Stortinget og kritiserte Clemet.

Skjælaaen seier at også han meiner Bondevik onsdag opptrådte utruleg nedlatande i staden for å nytte høve til å vere open i møte med Stortinget.

— Det er ein tone som vi ikkje kjenner att frå den tid vi sjølv samarbeidde med han. Denne nedlatande måten å møte Stortinget på kjem eg til å ta opp i innlegget mitt under årsmøtet i Hordaland Sp som tek til i ettermiddag, seier Skjælaaen.

Skjælaaen nemner også at Åslaug Haga fleire gongar er blitt utsett for nedlatande behandling av utanriksminister Jan Petersen.

— Ho er fagleg sterk med sin bakgrunn frå Utanriksdepartementet. Det er kanskje difor han opptrer slik?