• Operasjon er absolutt siste utveg for å bli kvitt plager som følgje av ekstrem overvekt.

Det meiner overlege Villy Våge ved Førde sentralsjukehus. Han er ein av landets fremste ekspertar i behandling av overvekt med kirurgi.

Årleg hjelper Våge rundt 20 pasientar til eit betre og lettare liv ved å operera dei. Det var også han som utførde operasjonen på Geir Henning Hansen.

Han forklarar at det er berre dei aller tyngste, og dei som i tillegg er alvorleg sjuke som følgje av overvekt, som vert vurdert for operasjon.

I regelen har dei fleste av desse pasientane ein kroppsindeksmasse på meir enn 40. I tillegg slit dei gjerne med tung pust, farleg høgt blodtrykk og høg kolesterol. Diabetes 2 er også ein vanleg tilleggssjukdom for desse pasientane.

Fleire operasjonsmetodar

Dei fleste pasientane som blir operert i Førde får fjerna 60 prosent av magesekken og kopla ut60 prosent av tynntarmen.

— Når delar av magesekken og tynntarmen vert kopla ut, vil maten gå fortare gjennom fordøyelsessystemet. Dermed tek dei opererte opp færre kaloriar enn dei som er friske gjer, forklarar Våge.

Han er ikkje i tvil om at behandling av overvekt ved kirurgi i mange høve er svært vellukka. Spesielt fordi pasientane samstundes får senka blodtrykket og kolesterolen, og får kurert sukkersjuke.

Ikkje utan risiko

— Men fedmeoperasjonar er risikofylte, og vi kan aldri garantera korleis dei langsiktige verknadene vil vera. Det er alltid ei fare for at dei kan gå opp att i vekt. Andre biverknader av operasjonen kan også følgja med.

I dag er det berre på Førde sentralsjukehus og på St. Olav hospital i Trondheim kirurgane opererer overvektige.

Våge fortel at ventelistene for slike operasjonar er svært lange, i praksis fleire år.

— Berre dei aller sjukaste vert operert. Dei fleste må vi avvisa.

Operasjon i utlandet vil han ikkje tilrå. Både fordi det er vanskeleg for desse pasientane å få oppfølging, og fordi pasienten risikerer å måtte bera utgiftene sjølv.

Våge vonar det norske helsevesenet får auka kapasitet til å behandla dei ekstremt overvektige dei næraste åra.

— Det bør utarbeidast planer for behandling av overvekt ved kirurgi i alle dei fem helseforetaka, seier han.