• 46.000 nye føretak berre i 2004, syner at låg rente, låge prisar og eit enklare skjemavelde er det beste verktøy vi kan få for å skapa ein betre næringspolitikk.

Det er Venstre-leiar Lars Sponheim som på denne måten slår attende mot Senterpartiets Marit Arnstad. Sp-dama var i Etne torsdag og deltok på debatt om distriktspolitikk. Arnstad påsto der at regjeringa hadde tømt verktøykassen og at ho var utan ambisjonar for landet.

Arnstad, saman med Audun Lysbakken (SV) og Olav Akselsen (Ap), etterlyste ein meir aktiv næringspolitikk. Ho lova at dersom dei vann valet, skulle det verta ei meir målretta styring av statlege ressursar mot distrikta.

Sponheim sjølv har hatt nokre dagar på Finse, den staden i landet der det er minst veljarar å henta. Men no er han klar til å kasta seg ut i valkampen, han og. Det får sikkert både Marit Arnstad og andre merka.

Sponheim har bakgrunn både som næringsminister, frå Bondevik I, og no som landbruksminister. Det handlar om næring både i det eine og det andre departementet, og Sponheim vil ikkje ha sitjande på seg at han har vore, eller er, utan ambisjonar for norsk næringsliv.

Lettare å skapa

Som venstremann har han særleg omtanke for småbedriftener.

— I fjor vart det skapt 46.967 nye bedrifter her i landet. Det var 12 prosent fleire enn i 2003. Tendensen har halde fram så langt i 2005. Sjølvsagt spelar internasjonale tilhøve ein rolle, men dette syner og at regjeringa sin politikk verkar. Det har dei raudgrøne partia vanskar med å innsjå, seier Lars Sponheim, som meiner at låg rente, låge prisar og enklare skjemavelde er det beste verktøyet som finst for ein god næringspolitikk.

— Vi har til dømes gjort det lettare å skapa småbedrifter på gardsbruka. Til dømes trengst det ikkje mjølkekvote for å produsera mjølk til eige ysteri. Og vi har fått eit tillegg i plan- og bygningslova som gjer det mogleg utan regulering å nytta hus på garden til andre næringsformål ein reint landbruk. Til dømes ulike tenester, eldreomsorg, service, småindustri. Og mange verkemiddel som før låg til Landbruksdepartementet er no overført til kommunane.

Lite gjennomtenkt

Han meiner det er ein dårleg idé å innføra ervervslova att, slik det har vorte foreslått dei siste dagane i samband med bråket om Union i Skien.

— Konsesjonslova vart avskaffa i 1995. Arbeidarpartiet styrde. Den lova var overmoden og umoderne. Så fekk vi ervervslova. Ho var lite gjennomtenkt, og vart avskaffa i 2001. No ser vi at Konkurransetilsynet vil nytta konkurranselova i striden om Union. Eg trur konkurranselova kan vera vel så effektiv i slike saker, seier Lars Sponheim.