Dette seier professor Jan Fridtjof Bernt ved Universitet i Bergen til Bergens Tidende.

— Når Norman svarar, vil det vere ei grunngjeving for dei avgjerdene som alt er fatta i departementet om å godta rekningane som Norman har levert og fått honorert. Norman er som øvste sjef i departementet ansvarleg for så vel avgjerdene som grunngjevinga. Men svaret vil ikkje vere avgjerdande for vurderinga av saka og stridsspørsmåla, det er nærmast eit partsinnlegg, seier Bernt.

Professoren meiner det beste for å få ei vurdering og avgjerd av kva som er rett, ville vere at Riksrevisjonen nå gjennomgår og vurderer saka.

— Stortinget eller Kontrollkomiteen kan godt be Riksrevisjonen, som er Stortinget sitt kontrollorgan, om å gjere denne jobben omgåande, om ikkje Riksrevisjonen gjer det av eige tiltak, seier Bernt.

Bernt meiner Kontrollkomiteen kan vurdere eit svar frå statsråd Norman som «greitt», «opplagt gale» eller «upresist» slik at ein finn grunn til å få ei klargjering frå Riksrevisjonen.

«Klare interesser»

Professor Eivind Smith ved Universitetet i Oslo meiner at både statsråd Norman og embetsverket i departementet vil kunne ha klare interesser i utforminga av svaret. Det har samanheng med at embetsverket har akseptert å honorere dei rekningane Norman har levert.

— Å gje Hagen medhald på noko punkt, vil vere det same som å underkjenne dei avgjerder og vurderingar som embetsverket i departementet sjølv har gjort, seier Smith til Bergens Tidende.

— Korkje Norman eller embetsverket er «uhilda» når det gjeld ei objektiv framstilling og vurdering av regelverket. Men vi får vel først lese kva dei faktisk skriv. Det kan jo tenkjast at det blir erkjent at praksis ikkje har vore i samsvar med regelverket, seier Smith.

Statsminister Kjell Magne Bondevik vil ikkje kommentere saka slik ho nå står, opplyser informasjonssjef Øivind Østang ved statsministerens kontor til Bergens Tidende.