— Saka gjeld mykje større beløp enn dei 13.000 kronene Norman har sagt han vil betale tilbake, seier Frp-formann Carl I. Hagen.

Krev svar frå Bondevik

Komiteen sendte tysdag brev til statsminister Kjell Magne Bondevik der ein bed om ei vurdering av regelverket for «representasjon, bevertning, utgifter til mat m.v.». Ein vil også ha klargjort statsministerens forståing av regelverket slik det framgår av Håndbok for politisk ledelse og Statens personalhandbok.

Dette er berre første runde i det som kan bli ei omfattande boring frå komiteen si side. Komiteen ventar utfyllande svar frå statsministeren innan komiteen kjem saman att tysdag. Det opposisjonen er ute etter, er at statsministeren seier klart ifrå om at Norman har opptrådt i strid med regelverket.

— Har komiteen også interessert seg for at Norman gjekk bak ryggen på departementsråden for å skaffe seg piano og stereoanlegg, etter å ha fått avslag?

— Nå tek vi eitt steg om gongen, og avventar svar frå statsministeren, seier Berit Brørby (A).

Det er ein einstemmig komite som står bak spørsmåla til Bondevik. Det betyr at regjeringspartia sine representantar ikkje har funne grunnlag for å gå imot.

Klar konklusjon

Talsmenn for opposisjonen, som har fleirtal både i komiteen og i Stortinget, meiner alt nå å kunne slå fast at Norman har forbrote seg mot regelverket.

Dei meiner at Norman i beste fall har hatt rett til dekning innanfor ei ramme på 215 kroner pr. person - ikkje 880 kroner slik han sjølv har hevda - og fått godkjend i departementet.

I førre veke kunne Bergens Tidende fortelje at Riksrevisjonen freistar å tette igjen eit smotthol som Norman og departementet har utnytta.

Opposisjonen meiner at både Norman og departementet burde ha forstått at det ikkje var lovleg å utnytte smottholet.

— Vi vil nå ha svar på korleis han kunne få godkjend utgifter på 880 kroner, og til dels over, seier Siri Hall Arnøy frå SV.

— Ei rekke av dei middagane han har halde, har ingenting med representasjon å gjere. Difor talar vi om mykje større overskridingar enn dei 13.000 kronene han sjølv har snakka om og som han har sagt han vil betale tilbake, seier Hagen.

- Minner om Rød-Larsen

— Ingen må prøve å overtyde meg om at det er representasjon når statsråden held middag for seg sjølv, statssekretæren, politisk rådgjevar og ein par stortingsrepresentantar frå eige parti. Korleis kan nokon i sin villaste fantasi innbille seg at skattebetalarane skal betale dette i tillegg til partistøtte? spør Hagen.

— Arbeidsmiddag med statssekretær og politisk rådgjevar har heller ingenting med representasjon å gjere, seier Hagen.

Opposisjonen er heller ikkje vidare imponert over Norman sin eigen presentasjon og forklaringar på den pressekonferansen han heldt sist onsdag.

— Det minner litt om tidlegare statsråd Terje Rød-Larsens første pressekonferanse, då han i 1996 måtte forklare seg: «Eg har ikkje gjort noko gale. Alle andre tek feil.» seier Hagen.