Tysdag uttala statsråd Norman seg til Bergens Tidende om kritikken frå dei tillitsvalde i Statskonsult.

Dei tillitsvalde hadde funne grunn til å be finansminister Per-Kristian Foss om hjelp. Dei opplyste at dei hadde vendt seg til statsråd Norman utan å få korkje dialog eller avklaring om Statskonsult si framtid..

Til BT uttala Norman at dei tillitsvalde i Statskonsult ikkje hadde bede om noko møte og at dei fekk svar på brevet dei sendte.

— Eitt svar

— Eg skal gje Norman rett i noko: han har ein gong svart på eit brev frå oss, men det er lenge sidan. Seinare har vi sendt to brev som han ikkje har svart på, seier Peter Bøgh til Bergens Tidende. Han leier NTL-avdelinga i Statskonsult men uttalar seg på vegner av alle dei tre fagforeiningane i etaten.

— Dei faktiske forholda er slik: På eit allmøte i Administrasjonsdepartementet 24. april 2002 la statsråd Norman fram nokre tankar om endringar i organisering og oppgåveportefølje. Endringane skulle innebere at rådgjevingsoppgåver skulle overførast frå Statskonsult til departementet. Tenesteyting som låg til Statskonsult skulle konkurranseutsettast. Dette var bestemt utan at leiinga og fagforeiningane i Statskonsult var orientert, seier Bøgh.

Bøgh opplyser at fagforeiningane reagerte med å sende brev til statsråden 2. mai om saka.

- Lova dialog

— Vi fekk svar 4. juni. Der heitte det at det ville bli lagt opp til ein nær og konstruktiv dialog med representantar for fagforeiningane. I brev av 17. juni lova statsråd Norman å ta initiativ til ein omstillingsavtale.

— Sidan dette har ikkje fagforeiningane i Statskonsult høyrt noko frå statsråden. Leiinga i Statskonsult vart lova ei avklaring i løpet av august. Vi ventar framleis, seier Bøgh.

Bøgh opplyser at fagforeiningane sendte nytt brev til Norman 8. august der dei ba om å bli brukt i moderniseringsarbeidet og ba om dialog om arbeidet.

Informasjonsmøte avlyst

— Hausten 2002 utgreidde AAD si eiga rolle, og Statskonsult skulle bli orientert av departementsråden i AAD om utfallet av dette arbeidet på eit møte i førstninga av desember. Møtet vart avlyst. Informasjonsskrivet «Omstillingsnytt» som skulle informere «AAD-familien» om endringar i AAD med konsekvensar for dei underliggande verksemdene, har uteblitt, seier Bøgh.

Bøgh opplyser at fagforeiningane sendte nytt brev til Normann 10. januar i år der ein viste til tidlegare brev og uttrykte ynskje om dialog.

— Hittil har vi ikkje høyrt noko, seier Bøgh.