Dei tilsette i Statskonsult har rett til å halde seg til staten som arbeidsgjevar. Dei vil også på individuell basis ha rett til å krevje venteløn om dei ikkje får anna høveleg arbeid i staten.

«Falle bort»

Dette vart slege uttrykkeleg fast under den opne høyringa i Kommunalkomiteen på Stortinget i går. Etter høyringa var det timelange møte om saka både i Kommunalkomiteen og i Administrasjonskomiteen. Kommunalkomiteen har siste frist til fredag med å avgje innstilling i saka.

I proposisjonen som Norman la fram 10. oktober, heiter det at «retten til ventelønn vil falle bort i og med at arbeidstaker i denne situasjonen ikke har akseptert tilbud om annet høvelig arbeid.»

Det var desse formuleringane arbeidsrettsspesialisten, professor Henning Jakhelln, i første rekke slo ned på då han for fire veker sidan avgav ei utgreiing om saka. Jakhelln stempla dette som juridisk feil.

— Selsamt

Det var vurderingane og utsegnene frå Jakhelln som skapte dramatikk om saka, etter at dette vart fylgt opp i Stortinget.

— Det var selsamt å oppleve at statsråden gjorde ei endring i proposisjonen, under den opne høyringa i komiteen, seier komiteleiaren, Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til Bergens Tidende. Ho meiner høyringa gav nyttig avklaring, og meiner at saka har vore veldig lettvint handtert av statsråd Norman.

— Når det gjeld sjølve omdanninga av Statskonsult, er det verkeleg grunn til å spørje kva regjeringa ynskjer å oppnå, seier Kleppa.

«Falske forhåpninger»

Statsråd Norman sa i går at formuleringane i proposisjonen kanskje ikkje var heilt heldige. Han forklarte at orda var valt «for ikke å skape falske forhåpninger blant de ansatte i Statskonsult».

Han la til at det vil vere opp til Aetat å vurdere søknader om venteløn, på individuell basis. Å seie nei til å begynne i Statskonsult, er ifylgje Norman det same som å avslå tilbod om «anna høveleg arbeid».

Lovavdelinga her reist spørsmål om dette er rett, men utan å gå nærare inn på spørsmålet.

Norman sa også at departementet har rekna med at alle tilsette i Statskonsult fylgjer med over i aksjeselskapet. Det var forklaringa på at det ikkje er sett av pengar til venteløn.

Jussprofessor Henning Jakhelln meiner at statsråd Norman gjennom sine utsegner har lagt ei veldig sterk føring på Aetat til å avslå krav om venteløn.

Statsråd Norman fekk ein kanonade av spørsmål under den opne høyringa. Etter høyringa fekk han ein ny serie av skriftelege spørsmål frå Arbeidarpartiet sin fraksjon i administrasjonskomiteen, og frå Kommunalkomiteen. Han må svare skriftleg.

IKKJE I KLINSJ: Statsrådskollegaene Victor D. Norman og Odd Einar Dørum møttest til open høyring i går. Dei unngjekk å gå i klinsj etter at Norman justerte lovproposisjonen sin i tråd med vurderingane frå professor Henning Jakhelln og Lovavdelinga i Justisdepartementet.<p/>FOTO: HÅVARD BJELLAND