Statsrådens planar om omorganisering av Statskonsult vil kunne få dramatiske konsekvensar for dei tilsette i det statlege rådgjevingsorganet. Likevel er korkje leiinga eller dei tilsette kopla inn. I går sende dei tillitsvalde brev om saka til Hovudsamanslutningane i staten.

«Lavmål»

Her skriv dei at «Statskonsult er på ingen måte tatt med på råd. Departementet har heller ikke, slik de har lovet, presentert forslag til omstillingsavtale. Vi ser på dette som mulig brudd på Hovedavtalen, og ber om at dette blir vurdert og eventuelt påtalt.»

«Vi kan med andre ord slå fast at både selve prosessen og praktiseringen av medbestemmelse har vært på et lavmål. Dermed risikerer man også at den konkrete utformingen av løsningen blir mangelfull. Egentlig er det hele tenkningen rundt demokrati på arbeidsplassen som nå er kastet over bord,» skriv dei tillitsvalde vidare.

Ikkje informert

— Som sjef i Statskonsult har eg ikkje vore med i denne prosessen og eg har heller ikkje sett noko framlegg. Difor kan eg ikkje kommentere kva dette går ut på, seier Jon Blaalid, direktør for Statskonsult, til Bergens Tidende.

Sjølv har han bakgrunn frå tre departement. Om Norman sin prosess har han dette å seie: - Det finst to skuler: anten å gjere dei politiske prosessane avgrensa internt i departementet, eller å trekke med dei som blir omfatta av vedtak og endringar. I dette tilfellet køyrer departementet dei politiske prosessane heilt sjølv. Norman har vore heilt klar på at det er slik han ønskjer det, seier Blaalid.

26. mars i år sende han brev til departementet med innspel til ei omorganisering av Statskonsult. Det tok 14 dagar før brevet vart journalførd i den offentlege elektroniske postjournalen i departementet, og departementet har enno ikkje svart.

Sal til kommunane

Ifølgje det siste som har lekt ut, vil nå Norman at 120 av 145 tilsette i Statskonsult skal over i eit Statskonsult AS som skal selje konsulenttenester til heile den offentlege sektoren - både stat og kommunar.

— Så vidt vi kjenner til, har ein ikkje vore i kontakt med oss. Og er det ein ting kommunesektoren har nok av, så er det konsulentar som spring ned dørene hjå ordførarane for å selje og tilby tenestene sine, seier informasjonssjef Jørn Ivar Baade i Kommunenes Sentralforbund til Bergens Tidende.

Baade legg til at KS sjølv har omfattande kompetanse på omstilling, arbeidsgjevarutfordringar, arbeidsrett og advokattenester for kommunane sin bruk.

— På den andre sida er det vel andre utfordringar administrasjonsministeren kunne gjere noko med og som kommunane ville ha nytte av. Det ville vere endå større innsats for å forenkle lover og regelverk som i dag påfører kommunane mykje arbeid, seier Baade.

«Ingenting avgjort»

Statsråd Norman seier til Bergens Tidende at regjeringa ikkje har teke stilling til noko spørsmål som gjeld omdanning av Statskonsult, ut over det som ligg i statsbudsjettet. Han vil ikkje gå inn på innhaldet i dei planane det nå blir arbeidd med.

Han seier at han er veldig oppteken av god kontakt og dialog med organisasjonane og at det like før påske vart avtala møte med hovudsamanslutningane så snart inntektsoppgjeret i staten var ferdig. Han reknar med at det blir eit slikt møte i neste veke.

Norman avviser bestemt at «demokrati på arbeidsplassen er kasta over bord». Han seier det må kome av ei mistyding når direktør Blaalid seier at han ikkje er informert. Ifølgje Norman er han halde «løpande orientert».